Hopp til innhold

Uroa over ny Snapchat-funksjon

Ein ny Snapchat-funksjon gjer det mogleg å følga med på kor Snapchat-vennane er til ei kvar tid. Det uroar organisasjonen Barnevakten og politiet.

Snapchat-kart

Slik ser den nye kartfunksjonen ut. Du kan zoome inn på kartet, og få den nøyaktige posisjonen til vennar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Her ser eg kor vennane mine er, seier Camilla Haraldseid.

Ho viser oss appen på telefonen, som no gir henne endå meir informasjon om vennane sine.

– Det er jo litt artig å sjå om dei er på ferie eller heime, seier Haraldseid.

Snapchat

Systrene Camilla Haraldseid (t.v.) og Maria Haraldseid, har begynt å bruka den nye kartfunksjonen på Snapchat. Den gjer det mogleg å sjå kor i verda vennane deira er.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ny kartfunksjon uroar

Dersom du har oppdatert Snapchat-appen din i det siste har du kanskje fått med deg den nye kartfunksjonen. Den gjer det mogleg å sjå kor Snapchat-vennane er.

Kartfunksjonen må aktiverast av brukaren, og ein kan velja sjølv om ein skal vera synleg på kartet, eller ikkje.

Foreldre kjøper vaksenspel til barna

Rådgjevar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen, ber vaksne setta seg inn i den nye funksjonen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Men i organisasjonen Barnevakten er dei kritiske til den nye funksjonen.

– Det er sjølvsagt spanande å finna ut kor vennane er, men samtidig meiner me at den er ganske unødvendig, ikkje minst fordi det er så mange unge som er på Snapchat, seier rådgjevar i Barnevakten, Kjellaug Tonheim Tønnesen.

Snapchat har ei aldersgrense på 13 år, Tønnesen meiner foreldre må setta seg inn i appen og snakka med barna sine om den nye funksjonen.

– Dersom ein ukritisk brukar den funksjonen, og lar alle få sjå kor du er, så er det kanskje litt problematisk. Det må snakkast om, og dei vaksne må setta rammer ut ifrå barnets alder, seier Tønnesen.

Ber unge følge Kripos sine råd

Politiet håpar folk er klar over kva dei delar når dei aktiverer kartfunksjonen på Snapchat.

– Me har dessverre mange negative erfaringar med sosiale medium blant unge, når det gjelder mobbing, sjikane og trugslar. Difor ber me om at alle er merksame på denne funksjonen, og er klar over kva dei delar, seier politistasjonssjef på Haugesund politistasjon, Edgar Mannes.

Edgar Mannes

Politistasjonssjef i Haugesund, Edgar Mannes, fortel at dei har mange negative erfaringar med sosiale medium.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Mannes viser til Kripos sine råd når det gjelder bruken av den nye appen.

– Kripos har lagt ut ei bruksrettleiing på korleis ein går inn i innstillingar, og viser korleis ein kan avgrensa den, slik at ein berre viser posisjonen til dei ein ynskjer å visa det til, seier Mannes.

Gjer seg usynleg for andre

Camilla Haraldseid har vore inne på kartet nokre gonger sidan ho lasta ned oppdateringa tidlegare i veka. Og sjølv om det er kjekt å følga med på venner, er ho bevisst korleis ho brukar den nye kartfunksjonen.

– Det kan jo vera litt skremmande òg, at alle kan sjå kor du er. Men du kan jo ha på slik at du berre sjølv ser kor du er. Så det er jo greitt når du kan bestemma sjølv, seier ho.