Uroa over at mange foreldre går til retten

Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren vil styrke familievernet for å få ned talet på barnelovsaker. I Stavanger har talet på foreldretvistar auka med 50 prosent frå 2013 til 2014.

Solveig Horne

Barne-, likestillings- og inkluderingsminister, Solveig Horne fortel at regjeringa vil jobbe for å få ned talet på barnelovsaker.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er urovekkande at det er så høge tal. Me veit at bak desse tala så ligg det skjebnar, ikkje minst mange barn som opplev å leva i konflikt med foreldra, seier Solveig Horne.

I går fortalde NRK at talet på barnelovsaker ved Stavanger tingrett auka med nesten 50 prosent frå 2013 til 2014.

Totalt i Noreg har talet på slike saker låge stabilt på mellom 2600 og 2700 i året, dei siste fem åra.

– Me ser at det har stabilisert seg, men me har ein lang veg å gå, for tala skulle ha vore mykje lågare. Me skulle ha ønska at færre saker hadde kome så langt at dei enda opp i domstolane, seier Horne.

Barna får store problem

Når foreldra ikkje klarer å bli einige etter ein skilsmisse, så kan det få store konsekvensar for barna som er involvert, fortel professor i psykologi, Frode Thune.

– Det kan gå utover den psykiske helsa, dei kan få rusproblem, skuleproblem, åtferdsproblem. Uansett kva me ser på så finn me ganske klart auka risiko for barn som kjem frå skilsmissefamiliar der konfliktnivået er høgt, seier Thune.

Fordi talet på barnelovsaker held seg høgt, betyr det også at mange barn blir ramma.

– Det er jo om lag 20 000 barn som kvart år opplev at foreldra går frå kvarandre. Me veit at ein tredel av desse foreldra blir fanga i lengevarande konfliktar. Så her snakkar me om veldig mange tusen barn som lev i ein situasjon som dei absolutt ikkje har godt av, seier Thune.

Vil styrke familievernet

Før foreldra kan gå til retten må dei møte i familievernet, det er denne instansen Horne vil styrke for å få ned talet på rettssakene.

– Me har auka budsjettet til familievernet med over 50 millionar berre i år. Pengane skal gi familievernkontora moglegheit til å jobbe førebyggande, og moglegheit til å hjelpe familiane når dei treng råd og rettleiing, seier Horne.

– Familievernet har også fått ein styrking overfor familiar med høgkonflikt. Det skal hjelpe familiane å finne gode løysingar for seg sjølv, og ikkje minst for dei barna som opplev at foreldra er i konflikt, fortel ministeren.