NRK Meny
Normal

Ur-kua står i fare for å bli utrydda

I dag finst det berre 400–500 kyr igjen av ku-rasen som kom til landet for fleire tusen år sidan.

Den opprinnelege ku-rasen på Vestlandet, Vestlandsk fjordfe, står i fare for å bli utrydda.
I dag finnes det bare 4-500 kyr igjen av denne rasen som kom til landet for flere tusen år siden.
Men nå gjør en ung bonde på Nærbø sitt for å ta vare på den utrydningstrua ur-kua.

VIDEO: Bonde Ingve Berntsen på Nærbø på Jæren har nyleg fått ein flokk av den svært truga ku-rasen Vestlands fjorfe til gards. Han meiner det er viktig å ta vare på ur-kua av fleire grunnar.

– Dette er i høgste grad ein truga rase, seier bonde Ingve Berntsen, og ser ut over kuflokken som beitar på garden han driv på Nærbø.

Han har nyleg fått eit lastebillass med Vestlandsk fjordfe frå fleire bruk i Gudbrandsdalen til Jæren.

Dette blir rekna for å vera den opphavlege ku-rasen på Vestlandet, og kom til landet vårt for fleire tusen år sidan. I tidlegare tider var det opp mot 60.000 slike dyr i landet vårt, ifølge Berntsen, som har lese seg opp på temaet.

– Desse dyra har vore i landet like lenge som det har budd menneske her, seier Berntsen.

Vestlandsk fjordfe

Vestlansk fjordfe er i høgste grad ein truga rase, fortel bonde Ingve Berntsen.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Lita og nøysam ku

Den vanlegaste ku-rasen i landet i dag er Norsk raudt fe (NRF). Vestlands fjordfe er litt mindre enn NRF-kua og er ikkje fullt så kresen i matvegen.

Berntsen meiner det er viktig å ta vare på ur-kua.

– Det er ei lita og nøysam ku som er utruleg flink til å utnytta beiteressursane me har i landet vårt, særleg utmarksbeite. Desse et ting vanlege kyr ikkje vil ha, seier han.

Han meiner det også er viktig å ta vare på kua av omsyn til klimaendringane.

– Dersom FN sine klimaprognosar slår til kan me ikkje basera oss på det kraftforbaserte landbruket me har i dag. Då vil denne kua her komma til sin rett igjen.

Ingve Berntsen

Bonde Ingve Berntsen meiner det er viktig å ta vare på ur-kua av omsyn til klimaendringane.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Mindre kjøt og mjølk

Leiar i Laget for Vestlandsk fjordfe, Nils S. Drabløs, seier dette ikkje er enkelt å ta var på Vestlandsk fjordfe.

– Det er mindre kjøt og mindre mjølk i denne kua. Slik jordbrukspolitikken er i dag, er dei ikkje effektive nok. Dette er den eldste levande kulturhistoria i landet vårt, derfor er det viktig å ta vare på den.

Han synst det er bra at nokon nå ser syn på å ta vare på den svært truga ur-kua.

– Det set eg stor pris på. Me er avhengige av alle som kan tenka seg å ta vare på desse kyrne.

– Perfekt tilpassa Vestlandet

Også professor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling i Klepp, Dag Jørund Lønning, gler seg stort over at nokon ser syn på å ta vare på Vestlandsk fjordfe.

– Desse kyrne er som geiter og er perfekt tilpassa terrenget på Vestlandet. Me kan ikkje driva alt landbruk på intensiv innmarksdrift, seier han.

Professor Dag Jørund Lønning

Professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling i Klepp, Dag Jørund Lønning, gler seg over at nokon tar vare på ur-kua.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK