Hopp til innhold

Nytt prosjekt skal hindre fråfall: – Eg kjende ingen då eg flytta hit

Universitetet i Stavanger opplever nedgang i søkartal og fullføring av fleire bachelorprogram. No skal eit nytt prosjekt hjelpe studentar med å takle overgangen frå elevtilværet.

Matilde Sjøli og Natalie Sveberg studerer bachelor i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitet i Stavanger

Matilde Sjøli og Natalie Sveberg er ferske studentar ved Universitet i Stavanger og har aldri hatt eksamen.

Foto: Henrik Brekke Larsen / NRK

– Det eg merka mest, var eksamen. Som student har du mykje meir fridom. Det er ganske herleg, men det er mykje meir sjølvstudie der du må setje deg ned og ta i eit tak sjølv. Ingen tvingar deg til å gjere den oppgåva eller øve til den prøva, seier Natalie Sveberg.

Ho er førsteårsstudent på bachelor i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger (UiS). Ho og klassevenninna Matilde Sjøli flytta begge til Stavanger for å studere.

Ein heilt ny by og heilt nye folk. Dette var også deira første møte med å flytte for seg sjølv.

Ein må bli veldig mykje meir sjølvstendig. Når ein blir student, må mange flytte for seg sjølv. Ein kan ikkje lene seg på andre like mykje, og i tillegg kjennest ting mykje meir seriøst når ein byrjar på eit universitet, seier Sjøli.

Dei to kjenner overgangen frå elev på vidaregåande skule til student på UiS har gått greitt. Samtidig kan dei skjønne at mange synest det kan vere ei vanskeleg omstilling.

Frå elev til student

Det vil UiS gjere noko med. Frå og med studieåret 2023/24 sparkar dei i gang eit nytt, forskingsbasert pilotprosjekt med namnet Frå elev til student. Målet er å gjere det lettare å takle overgangen frå nettopp det å vere elev.

Kari-Anne Svensen Malmo og Fredrik Normann Skår er blant dei som jobbar med prosjektet.

Det er nok mange som ikkje tenkjer og reflekterer over at det er ein overgang og eit skilje mellom det å vere elev og student. Det handlar om sjølvstendet, at ein ikkje blir følgt opp så tett som før og at akademia er nytt for mange, seier Malmo.

Kari-Anne Svensen Malmo og Fredrik Skår

Prosjektleiar Kari-Anne Svensen Malmo og medlem av prosjektet Fredrik Norman Skår meiner dette er eit godt tilbod for nye studentar.

Foto: Morten Auestad Svendsen / NRK

Prosjektet skal testast på fem ulike studieprogram ved UiS. På dei fire bachelorprogramma nordisk, religion, historie og engelsk, men også på førsteårsstudentane ved lektorprogrammet frå 8.–13. trinn på Institutt for kultur- og språkvitskap.

Desse programma har opplevd ein nedgang i søkartal og talet på studentar som fullfører. Malmo seier det gjeld spesielt på bachelorprogramma.

– Bachelorprogramma har ingen obligatoriske forelesingar og stiller derfor større krav til sjølvdisiplin. I tillegg leier dei ikkje til ein spesifikk yrkeskvalifikasjon, som til dømes lærar eller lektor, seier Malmo.

Les også: Lærarstudentar kan få sletta 361.000 kroner av studielånet

F.v. Marlen Woer Pedersen, Helene Lode Rage, Magnhild Ege, Marius Østbø, Eyob Kassaye og Hans Sørbø.
F.v. Marlen Woer Pedersen, Helene Lode Rage, Magnhild Ege, Marius Østbø, Eyob Kassaye og Hans Sørbø.

Berit Lødding hos Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) skreiv i 2015 ein rapport saman med Per Olaf Aamodt.

Der såg dei på overgangen mellom vidaregåande skule og høgare utdanning gjennom samtalar med elevar og studentar.

Lødding meiner det nye tilbodet på UiS er bra. Det kan vere utfordrande å få studentane til å halde ut, ifølgje henne.

– Spørsmålet blir om dei klarer å øve opp uthaldet til studentane. Det er mykje som distraherer i det digitale samfunnet vi lever i, og det er veldig mykje som avsporar heile tida, seier ho.

Skår på UiS peikar på spesielt éin ting som ekstra utfordrande.

Veldig mange av dei ferske studentane har aldri hatt eksamen på grunn av pandemien. Samtidig har vi eit eksamenssystem som kanskje ikkje er gammaldags, men som er godt etablert og ikkje alltid tilpassa det faktumet at dagens 19-åringar har lite erfaring med eksamen.

Fadderveka er ikkje for alle

Natalie Sveberg kjende på ei sårbarheit då ho for første gong stod på eigne bein på ein ukjend stad.

Eg kjende ingen då eg flytta hit. Alle er på ein måte like desperate etter å finne seg nokon å henge med. Fadderveka hjelpte veldig mykje. Hadde det ikkje vore for den, veit eg ikkje heilt kvar eg hadde stått, seier ho.

Ho påpeikar samtidig at fadderveka tradisjonelt sett er prega av mykje festing og alkohol, og ikkje nødvendigvis er for alle. Derfor kan det nye tilbodet vere med på å hjelpe fleire med å få fotfeste i ein ny, ukjend kvardag, trur ho.

Matilde Sjøli seier seg samd.

Det er ikkje alle som finn sin plass med ein gong, seier ho.

Universitetet i Stavanger (UiS), Arne Rettedals hus

Universitet i Stavanger ønsker at prosjektet skal vere med på at fleire fullfører studia.

Foto: Morten Auestad Svendsen / NRK

Malmo seier prosjektet skal prøve å gi studentane ein mjukare overgang frå fadderveka.

– Slik som det er no, går veldig mange rett frå fadderveka og til forelesing. Frå fest og moro til krav og plikter på eit nytt studium. Det kan bli ein brå overgang, seier Malmo.

Forskingsbasert prosjekt

Ifølgje Malmo jobbar Kunnskapssenteret for utdanning på UiS med systematiske kunnskapsoversikter. Dei samlar og samanliknar forsking for å få det beste tilbodet til studentane.

– Å fullføre ei utdanning krev nokre såkalla ikkje-kognitive ferdigheiter som å møte opp i tide, takle nye utfordringar og vere organisert. Eit breitt forskingsgrunnlag viser at slike ferdigheiter har vel så stor betydning som til dømes intelligens, alder, kjønn og karakterar frå vidaregåande skule, seier Malmo.

– Sjølv om studentane må gjere mykje av denne utviklingsprosessen sjølv, er både vi og forskinga av den oppfatning at det er viktig at studentar veit at det er hjelp å få. Det er nettopp det vi vil synleggjere gjennom dette prosjektet.

Skår meiner dette i stor grad er eit læringsmiljøtiltak som skal hjelpe nye studentar.

– Vi samlar dei nye studentane slik at dei skal bli betre kjent med kvarandre, og at vi etter kvart skal kople dei på den reint faglege verksemda, avsluttar Skår.