Hopp til innhold

Unge gutar på tjuveritokt

To unge gutar i tenåra, stal ein moped, ein ATV og ein sykkel frå eit hus i Haugesund, søndag morgon. Gutane blei tatt av politiet etter kort tid, saman med mopeden og sykkelen, men ATV-en er ikkje funnen. Gutane blei tatt med til politistasjonen.