Hopp til innhold

Unge fiskarar føler seg svikta – lagar eige fiskarlag

Unge fiskarar har sett seg leie på dei store kostnadane som krevst for å starta som fiskar. Nå har dei laga eit fiskarlag for ungdom med mål om å endra norsk fiskeripolitikk.

Bent Lie Jacobsen og Ådne Hetlelid

17-åringane Bent Lie Jacobsen og Ådne Hetlelid går begge andre året på Fiske og fangst-linja på Strand vidaregåande skule på Tau. Begge meiner vilkåra for å starta opp som ung fiskar er for dårlege i dag.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me unge blir skvisa ut av fiskerinæringa, seier Bent Lie Jacobsen (17).

17-åringen er elev på andre året ved Fiske og fangst-linja på Strand vidaregåande på Tau i Rogaland.

Den store draumen er å jobba som yrkesfiskar, men 17-åringen frå Haugesund meiner norsk fiskeripolitikk slår bein under rekrutteringa.

– Kvoteprisane for fisk er blitt hinsides høge og du må ta gjeld opp til halsen for å koma inn i næringa, seier Jacobsen.

I tillegg er det vanskeleg å for dei unge, som ofte har lite eigenkapital, å få lån til å kjøpa fartøy.

Og prislappen for fiskekvote og fiskebåt blir fort 4–5 millionar kroner totalt.

Bent Lie Jacobsen

Bent Lie Jacobsen på ein av sine mange turar på sjøen.

Foto: privat

Ungdommens Fiskarlag

Nå er Jacobsen blant dei som står bak opprettinga av eit eige fiskarlag for ungdom, Ungdommens Fiskarlag.

Førebels berre ei uoffisiell facebookgruppe med om lag 300 medlemmer. Men målet på sikt er å laga ein ny organisasjon.

– Det er for å gi dei unge ei stemme i fiskerinæringa og påverka framtida. Det er me som skal fiska opp fisken framover. Då må det løysingar og rekruttering til, seier Jacobsen.

Talet på yrkesfiskarar er meir enn halvert dei siste 30 åra.

Frå 20.475 i 1990 til 9504 i fjor, ifølge fiskarmanntalet til Fiskeridirektoratet.

Fiskeriministeren heiar på dei unge

Bent Lie Jacobsen har alt sendt ei rekkje konkrete forslag til fiskeriministeren for å auka rekrutteringa.

Blant anna å auka kvotane i såkalla open gruppe i enkelte fiskeri for fiskarar opp til 21 år. I den opne gruppa treng du ikkje kjøpa kvoten.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) synst det er «kjempeflott» at dei unge engasjerer seg og seier han «heiar på» dei unge fiskarane.

Men statsråden er ikkje einig i at dei unge har det for vanskeleg.

Han viser til at den opne gruppa i fiskerinæringa i år er styrka. Altså gruppa som ofte er inngangsbilletten til dei unge.

Det er også innført ei ny ordning for fiskarar under 30 år. Desse kan fiska fire tonn ekstra torsk i open gruppe.

– Fiskerinæringa er godt lagt til rette for at unge kan komma inn utan å ha for mykje eigenkapital. Det er moglegheiter for å jobba seg opp, seier Ingebrigtsen.

Fiskarlaget vil ha dei unge over til seg

Også Noregs Fiskarlag synst engasjementet til dei unge fiskarane er prisverdig.

Men dei skulle gjerne sett at dei heller brukte kreftene i fiskarlaget, ein organisasjon som har jobba for fiskarane sine interesser i snart 100 år.

Kjell Ingebrigtsen

Leiar i Noregs Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen, ønsker dei unge velkommen i sin organisasjon.

Foto: ELISABETH KARLSEN / Nordland fylkes fiskarlag

Fiskarlaget minner også om at starten på ei fiskarkarriere ikkje nødvendigvis startar med å vera fartøyeigar.

– Eg har sjølv vore i næringa i snart 40 år. Då eg var ung var eg mannskap på ein båt. Etter kvart blei eg fartøyeigar. Men det gjekk ein del år før det skjedde, seier leiar i fiskarlaget, Kjell Ingebrigtsen.

Men dei unge fiskarane står på krava og er klare på at dei vil ha eit eige fiskarlag.

– Det er litt dumt at det er så mange i den eldre generasjonen som styrer. Det er vår framtid det er snakk om. Derfor synst eg me skal stå sjølvstendig inntil vidare, seier Bent Lie Jacobsen.

Flere nyheter fra Rogaland