Hopp til innhold

Ungdomsskulelærar dømt for overgrep mot elev

Læraren frå Jæren må sona sju månader i fengsel for å ha hatt seksuell omgang med ein 15 år gamal elev i 2010.

Jæren tingrett

Læraren er dømt til å betala eleven 80.000 kroner i erstatning, i tillegg til at han må sona sju månader i fengsel og han får ikkje jobba som lærar i ein periode på fem år.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

– Klienten min har følt veldig stor skuld og skam over det som skjedde for sju år sidan, sa bistandsadvokat Janne Karin Rasmussen under rettssaka i slutten av februar.

Klienten hennar er den 22 år gamle kvinna som var 15 år då ho blei utsett for seksuelt overgrep av ein lærar på ungdomsskulen der ho gjekk.

Nå skriv Jærbladet at læraren, som er i slutten av 30-åra, er dømt til å betala henne 80.000 kroner i erstatning, i tillegg til at han må sona sju månader i fengsel og han får ikkje jobba som lærar i ein periode på fem år.

Det kjem også fram i dommen at leiinga ved ungdomsskulen på Jæren tilbake i 2010 blei tipsa om upassande kontakt mellom læraren og eleven. Dei skal ha teke kontakt med læraren, som hadde avvist det heile. Deretter tok dei ikkje kontakt med den 15 år gamle jenta.

Statsadvokaten vurderer anke

Mannen var også sikta for seksuell handling mot to andre elevar ved skulen. Dette er han i retten frifunnen for. Statsadvokaten vil vurdera å anka saka.

NRK har ikkje lukkast å koma i kontakt med advokaten til læraren for kommentar.