Hopp til innhold

Her meiner elevane at olje er verdt å satsa på

Medan politikarane diskuterer sluttdato, førebur fleire av elevane ved denne skulen seg på ei lang og lykkeleg framtid på oljeplattform i Nordsjøen.

Elevar ved Sots

Steve Nkwepet (t.v.) og Erlend Melkevik Børve meiner at du kan vera opptatt av klima, samstundes som du ønsker å jobba i norsk olje- og gassindustri.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Brønnteknikk er det faget me tilbyr som er mest knytt opp til oljeindustrien. Dei som går her vil bli drillarar. Dei vil ut i Nordsjøen, seier Tore Gudmestad, avdelingsleiar ved Stavanger offshore tekniske skule.

Skulen ligg i havgapet i oljehovudstaden Stavanger. Han har vore springbrett for svært mange av dei som i dag jobbar på plattformer, boreriggar og produksjonsskip ute på norsk sokkel.

I vår var det 200 søkarar på brønnteknikk VG2. Dermed blei det uproblematisk å fylla opp dei fire klassane med til saman 60 elevar.

To av dei som kom gjennom nålauga var Sindre Undheim (17) og Flint Stacey (20).

Sjølv om debatten under valkampen ofte har handla om retninga dei har valt, er dei trygge i valet sitt.

Dei to elevane håper at dei snart har fast jobb ute i Nordsjøen. Med god løn og den berømte Nordsjø-turnusen

Elevar på veg inn til Stavanger Offshore tekniske skole

Men det er ikkje berre løna som lokkar. Dei ønsker å bidra til produksjon av norsk olje og gass.

Elev jobbar med oljerøyr

Me treng energi og olje. Eg er stolt over å ta utdanninga.

Flint Stacey
Elev ved Sots

Dei trur at mange ikkje er klar over at ein lagar meir enn berre drivstoff av olje og gass.

Sulzer Diesel

For eksempel plastkomponentar i mobiltelefonar.

Sindre Undheim på SOTS

Det er kult å bidra til at verda fungerer.

Sindre Undheim

På skulen lærar dei også om korleis ein trygt kan stengja ned brønnar.

SOTS

Det vil uansett vera behov for fagfolk.

Elev jobbar ved SOTS

Begge understrekar at dei bryr seg om klimaet, men dei trur ikkje det er ei god løysing å slutta å leita etter olje i Noreg.

Elevar på SOTS

Debatten som har vore gjennom valkampen om framtida til oljeindustrien, har blitt lagt godt merke til både av elevane og lærarane.

Både Undheim og Stacey seier at dei har mest sansen for Industri- og Næringspartiet, som kjempar for vidare drift av norsk oljeverksemd. Begge seier likevel at dei er opptatt av miljø.

– Eg er jo bekymra for klimaet, men det er ikkje noko eg tenker på heile tida, seier Undheim.

Han meiner likevel, på lik linje med mange i bransjen, at det ikkje vil føra til mindre utslepp dersom Noreg sluttar med produksjon av olje og gass.

Tar etterutdanning

– Eg tenker sjølvsagt på miljøet. Eg har fått eit barn og eit nytt perspektiv på ting, seier Steve Nkwepet (27).

Han er også elev ved skulen, men ikkje den vidaregåande delen. Bygget husar nemleg også ein fagskule med petroleumsutdanning.

Denne skulen er for dei som vil ta meir utdanning etter å ha fått eit fagbrev. Slik som Nkwepet. Han hadde jobb på Ekofisk i Nordsjøen, men mista jobben under oljekrisa for om lag fem år sidan.

Etter nokre år med sal, prøver han nå å koma seg tilbake. Han vil ta meir utdanning i håp om å få ei betre stilling.

Får du folk med godt samvit inn i rette stillingar, kan me påverka industrien i rett retning.

Elev ved Sots

På skulen lærer han mellom anna å styra boreoperasjonar.

Oljesimulator

Simulatoren kosta meir enn 1 million kroner. Han er ny for skuleåret.

Oljesimulator ved Stavanger offshoretekniske skule

Medstudent Erlend Melkevik Børve (23) har allereie fast jobb i olja. Nå vil han etterutdanna seg.

Elevar ved Sots

Å få jobba offshore har han drøymt om sidan han var liten.

Boresimulator

Å få den jobben er det beste som har skjedd meg.

Vil bli «Roughneck»

Børve liker ikkje når det blir snakka om å setja ein stoppar for leiting og ein sluttdato for industrien. Det er feil fokus, meiner han:

– Me må heller jobba for at oljenæringa i Noreg skal vera den mest miljøvenlege i heile verda, seier Børve.

Dei trur at dei skal kunne jobba med det dei utdannar seg til gjennom heile yrkeskarrieren si. Enten det blir innan produksjonen, eller om det blir å gjennomføra ei trygg nedstenging.

På lærarrommet sit likevel ikkje alle med den same roen.

Stavanger offshore tekniske skole

Eg er veldig bekymra.

Børge Harestad, avdelingsleiar ved fagskulen
Fagskolen Rogaland

Ved å endra for mykje på utdanninga, frykter han at ein vil mista viktig kompetanse for at ei nedstenging i framtida skal kunne gå trygt føre seg.

Børge Harestad

Spesielt då MDG gjekk ut og lanserte at dei ville kjempa for nedlegging av oljeutdanning gjekk ein støkk gjennom mange på lærarrommet.

Heller ikkje ved Universitetet i Stavanger (UiS), der dei tilbyr oljeutdanning, var dei spesielt begeistra.

– Eg meiner at det ikkje er så gjennomtenkt. Eg er glad for engasjementet i grøn omstilling, men å leggja ned all petroleumsretta utdanning frå ein dag til ein annan, må me tenka meir over. Me treng påfyll av kompetanse, seier rektor Klaus Mohn.

Talet på søkarar som hadde masterstudiet petroleumsteknologi som førsteval ved Universitetet i Stavanger var 21 dette semesteret. Det er ein nedgang frå 37 søkarar i fjor.

Lan Marie Berg (MDG), UiS-rektor Klaus Mohn og petroleumsteknologi-student Johan Helgø.

23. august møtte Lan Marie Berg (MDG) UiS-rektor Klaus Mohn på campus.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Me meiner det er uansvarleg å nå utdanna dei flinkaste ungdommane me har i landet til usikre jobbar i framtida, sa Lan Marie Berg (MDG) til NRK då ho var på besøk i oljebyen under valkampen.

MDG presiserer i ein e-post til NRK at dei ikkje vil leggja ned utdanninga ved Stavanger offshore tekniske skole.

– Bore- og brønnteknikk og liknande studieløp i vidaregåande skule er ikkje nødvendigvis berre retta mot olje og gass. Me vil derfor ikkje leggja ned desse linjene, men me vil endra innhaldet for å tilpassa dei framtidas arbeidsliv, skriv pressekontakt i MDG, Sindre Buchanan.