NRK Meny
Normal

Ung mann truga væpna politi med luftgevær

Det byrja med litt nasking på eit kjøpesenter i Haugesund, nå sit ei tenåringsjente og ein ung mann i arresten sikta for knivtrugsel mot ein vektar og trugslar mot væpna politi.

Laster kart, vennligst vent...

Det byrja med nasking på Amanda storsenter og enda opp med væpna aksjon i Tysvær.

Klokka 19.17 torsdag kveld fekk politiet i Haugaland og Sunnhordland inn melding frå ein vektar på kjøpesenteret Amanda storsenter, som ligg i Haugesund.

– Han fortalde at han hadde blitt truga med tapetkniv av ei jente i slutten av tenåra, og dytta av ein ung mann i byrjinga av 20-åra, fortel operasjonsleiar Jarle Utne-Reitan til NRK.no.

Væpna politi rykka ut

Politiet rykka ut og fekk fortalt at trugslane mot vektaren hadde skjedd då han skulle ta tre personar for nasking på ein Coop-butikk inne i senteret. Den eine av dei tre, ein mann i midten av 20-åra var att på senteret, han var rusa og blei arrestert av politiet.

Politiet fekk i tillegg sjå overvakingsbilete av hendinga, og kjende att den eine personen på videoen. Dermed rykka dei ut til heimeadressa til denne personen.

– Sidan dette handla om knivtrugslar væpna politiet seg, fortel Utne-Reitan.

Då dei kom fram til adressa blei politiet møtt av mannen i byrjinga av 20-åra, i handa hadde han eit luftgevær.

– Ikkje lett å skå fast kva type våpen det var

– Det er skummelt når nokon møter væpna politi med eit våpen. Det er ikkje lett å slå fast at det berre er snakk om eit luftgevær. Nå enda heldigvis dette godt.

For etter ei stund la mannen ned våpenet, men både han og jenta i slutten av tenåra var svært motvillige då dei skulle arresterast.

– Nå er dei på veg inn i sentralarresten. Her skal dei vera i natt. I morgon må dei forklara seg.

– Kor alvorleg ser politiet på dette?

– Dette byrja med nasking og enda opp i trugslar. Det er klart at me ikkje sett pris på at folk veiftar med kniv mot ein vektar eller trugar politiet, så dette er alvorleg.

Alle tre involverte i saka er lokale kjenningar av politiet. Og dei to yngste er sikta for trugslar mot vektaren og trugslar mot politi.