Ung mann sikta for valdtekt på skuleavslutning

Ein atten år gamal mann blei på laurdag arrestert, og sikta for å ha sikta for å ha valdteke ei jente på ein skuleavslutning på Jæren.

Hendinga skal ha skjedd tidlegare denne veka og den sikta vart arrestert utan dramatikk.

– Eg kan bekrefte at me har ein person i arresten som er siktet for valdtekt. Valdtekta skal ha skjedd tidlegare denne veka i forbindelse med ein skuleavslutning, seier politiadvokat Mads Lerum, til Stavanger Aftenblad.

Den fornærma jenta har blitt framstilt for valdtektsmottaket.

– Sikta er no avhøyrt. I den vidare etterforskinga vil me avhøyra vitne og gjennomgå beslag som er gjort i saka, seier politiadvokaten.

Det er ikkje tatt stilling til om den sikta vil bli varetektsfengsla.

– Sjokkert og skuffa over skuldingane

Advokat Anne Kroken er sikta sin forsvarar, og opplyser om at han nektar straffskyld.

– Han har forklart at han møtte fornærma den aktuelle kvelden og han har gitt ei detaljert forklaring på som skjedde. Han avviser på det sterkaste at det har skjedd noko straffbart, seier Kroken.

Ho legg til at klienten er sjokkert og fortvila over skuldingane.