– Vi sit faktisk igjen med nokre kvalpar no. Det har rett og slett blitt tyngre å selje, seier Jonny Johansen.
I hagen hans spring ni veker gamle Quila og dei to søskena hennar. Dei tre kvalpane av typen australian shepherd er til sals, men ingen kjøparar har meldt seg.
Under koronapandemien stod folk i kø for å skaffe seg hund. Fleire avla store kull for å tene gode pengar, og hundar blei selde til over 80.000 kroner.
Men no har marknaden endra seg. Oppdrettarar bruker lengre tid på å få selt kvalpane sine.
– Det er veldig lett å skaffe seg hund i dag. Marknaden er overfløymt, seier oppdrettar Veronika Vasseng.
Statistikk frå Norsk Kennel Klub (NKK) viser at det i koronaåret 2021 var ei uvanleg auke av registrerte hundar i Noreg. I 2022 er det framleis fleire hundar registrert enn normalt.
Mot normalt
Sjølv om det framleis blir fødd mange kvalpar, er situasjonen i ferd med å normalisere seg.
– Det er bra for alle partar, for ingen er tente med at folk skaffar seg hund utan å tenke seg skikkeleg om. Og så freista marknaden enkelte useriøse aktørar til å drive med avl, seier kommunikasjonsrådgivar i NKK, Anne Livø Buvik.
– Det som var unormalt, var situasjonen under covid. På dei 34 åra mine som oppdrettar har eg aldri vore borti liknande når det gjaldt etterspurnad, seier ho.
Heime på Tananger minner det om reine kennelen. Dei tre kvalpane til Jonny Johansen spring i ring.
– Du har snart heile hagen full av hundar du ikkje får selt?
– Dei kjem nok til å bli selt, men vi må finne dei rette kjøparane sånn at dei kjem til ein god heim, seier han.
– Dumt
Dagleg leiar i Siddis hundeskule, Siri Linnerud Riiber, meiner kvalpane mistar ein viktig periode i starten av livet når blir selde seint.
– Det er dumt. Dei mistar sosialiseringsperioden med dei nye eigarane sine. Dei vil vere eldre når dei kjem til ein ny heim, og mangle den gode tida hos dei nye eigarane sine.
På hundeskulen møter mange opp med ei naiv tru om kva hundehald inneber, ifølgje Riiber.
– Det verkar som mange ser bilete på sosiale medium, og tenker at det er fint med hund på ski i vinterferien, fint med hund framfor peisen i påska, men så skal dei ha dei kvar dag heile året. Det er ikkje alle som tenker gjennom at det er kvar einaste dag, ikkje berre i helgar og feriar, seier ho.
- SE OGSÅ: Fra bølle til bestevenn
Hei!
Tenkte du på noe da du leste denne artikkelen? Eller har du et tips til andre saker vi burde sjekke ut i NRK?
Send meg gjerne en e-post!