Ulv skoten i Rogaland

Ein ulv blei seint fredag kveld skoten nær Moi i Lund kommune i Rogaland. Det er 17 år sidan det sist blei felt ein ulv i fylket.

Ulv skoten nær Moi i Lund i Rogaland

HANN: Ulven som blei skoten seint fredag var ein hannulv på 43 kilo. Sauene bak gjerdet er dei same dyra som ulven prøvde å komme seg inn til fredag kveld.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fredag kveld blei ein ulv skoten nær Moi i Lund kommune. Det opplyser Arve Aarhus, leiar for skadefellingslaget for rovdyr.

Fellingsløyva blei gitt 8. oktober.

Ved 21.30-tida fredag kveld rykka eit jaktlag ut etter melding om ein ulv som jaga sau på beite ikkje langt frå Moi.

Klokka 23.08 var ulven skoten.

Trudde det var ein stor hund

Bonden Odd Magne Hamre var ein av dei som såg ulven før han blei skoten. Fredag kveld tok han bilen for å sjå etter ein sau som ikkje kunne vere ute på beite saman med dei andre.

Odd Magne Hamre

SÅG ULV: – Ved første augekast trudde eg det var ein stor hund, seier Odd Magne Hamre.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Han fekk litt av ei oppleving då han såg det han først trudde var ein stor hund framfor seg i vegen.

– Eg blei heilt skjelven. Det var eit stort dyr, seier Hamre, som kallar hendinga eit minne for livet.

17 år sidan sist

Korkje Hamre eller Aarhus var med i jaktlaget. Aarhus er leiar for skadefellingslaget, eit samarbeid mellom fleire kommunar.

Det er ikkje vanleg å sjå ulv i Rogaland, og det er heller ikkje vanleg med ulvejakt. Sist gong det blei skote ein ulv i fylket var 22. februar 2003. Då hadde det ikkje vore skote ulv i Rogaland sidan slutten av 1800-talet.

Arve Aarhus

Arve Aarhus.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det er veldig spesielt, seier Aarhus.

– Området er kjent for å ha mykje sau. Store rovdyr skal ikkje vere i slike område i beitesesongen. Difor blir det gitt fellingsløyve, forklarer han.

I sommar er det sett ulv fleire gonger i både Rogaland og Agder. Det er òg meldt fleire skader på dyr. Difor opna Fylkesmannen i Rogaland for ulvejakt frå 8. til 21. oktober.

Bakgrunnen for fellingsløyva var funn av to drepne lam tidlegare i haust. Lamma blei funne i eit område ved Sirdalsvatnet på grensa til Agder.

Ulv skoten nær Moi i Lund i Rogaland

TIL TRONDHEIM: Ulven som blei skutt tilhøyrer nå Miljødirektoratet, og skal sendast til Trondheim. Laurdag føremiddag var kadaveret framleis i Lund.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Det er både vegar og bustader i området der ulven blei skutt, men Aarhus vil ikkje karakterisere det som tettbygd strøk.

Ulven som blei skoten fredag, skal bli tatt hand om av Miljødirektoratet. Mellom anna skal det bli tatt prøver av ulven får å finne kva ulvar han er i slekt med. Kadaveret skal sendast til Trondheim.

Fellingsløyve i sommar

Også i 2003 blei ulven felt sør i fylket, nær Krossmoen sør for Egersund. Genetiske analysar viste då at tre ulvar hadde vore på ferde på grensa mellom Agder og Rogaland i månadene før fellinga.

Ulv ved Krossmoen i Eigersund, februar 2003

17 ÅR SIDAN: Sist det blei skote ulv i Rogaland var i februar 2003.

Foto: Anne Lise Indrefjord / NRK

Sidan har det blitt sett ulv rundt fylkesgrensa nokre gonger, mellom anna i Sirdal 2013, då det òg blei gitt fellingsløyve.

Også i juli blei det gitt fellingsløyve for ein ulv i området, då av Fylkesmannen i Agder. Då var bakgrunnen eit drepe lam på Agder-sida.

Same ulv hadde truleg drepe eit lam til og skada to sauar i Sirdal.

Drept lam av ulv i Sirdal.

I SIRDAL: Eit lam Statens naturoppsyn meiner blei drepe av ulv i Sirdal i Agder i sommar.

Foto: Statens naturoppsyn