Dermed er gråbein attende. Heilt sidan august er det kome meldingar om at det som kan vera ulv er observert på begge sider av fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder, og på laurdag vart dyret filma, like ovanfor Tonstad. Det kan sjå ut som det er det same dyret som har vore her i to månader. Det sier leiaren i Statens Naturoppsyn i Rogaland og Agder, Jon Erling Skåtan.
- I februar 2003 vart den såkalla Dalane-ulven drepen. Den hadde forsynt seg godt av sauene i Sør-Rogaland. Eit år etter, når granskinga av DNA-prøvane var over, viste det seg at det hadde vore tre ulvar i området denne tida, men at den som vart skoten var den som hadde teke livet av sauene. Sidan det har det vore stille om ulv, fram til august i år. Då vart det funne kadaver etter sau som var drepne av ulv eller stor hund, og det kan virka som om Sirdalsulven er smart - eller småspist, for det har vore ganske stille etter den tid, seier Skåtan.
- Og det er mykje som tyder på at det er ein ensom ulv.
Men sjølv om ulven truleg har vore rundt fylkesgrensa eit par månader, har han ikkje etablert seg her, seier Skåtan.
Leiar i Rogaland Sau- og geitealslag, Sigmund Skjæveland meiner likevel at det ikkje er grunn til panikk og vil foreløpig venta med å søka om fellingsløyve.