NRK Meny
Normal

Omkom etter ulukke

74-åringen som blei skadd under ei trefellingsulukke på Moi onsdag ettermiddag døydde seinare av skadane.

Ulukke Moi

Politi, brannkorps og luftambulanse på staden.

Foto: Privat

Ulukka skjedde på Øvre Stranda, eit byggjefelt like sør for sentrum.

– Det var ikkje ei arbeidsulukke, men trefelling i privat regi, seier Victor Jensen, operasjonsleiar ved Rogaland politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.44, og brannkorps, politi og luftambulanse var på staden kort tid etter.

E39 blei stengd i begge retningar under landinga og arbeidet til luftambulansen, og opna att like før klokka fire.