Ulovleg veg blei bygd like ved verna vassdrag – fire år etter har ingenting skjedd

Silje Orstad meiner det er urovekkande at private kan «valsa over naturen», utan at det får konsekvensar. Kommunen har sett saka på vent.

Asfaltveg ved Figgjoelva

Her langs Figgjoelva på Foss-Eikeland blei ein privat grusveg gjort om til ein brei asfaltveg for tungtransport nokre frå meter frå elvebredda.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Tilkomsten til badeplassen er nedgraven i grusmassar, og det er nå umogleg å koma seg ned med barnevogn og sykkel. Det er heller ikkje nokon plass å ligga langs elva lenger, seier Silje Orstad, som er oppvaksen på Foss-Eikeland.

Elva ho står ved, Figgjoelva, er den same som kongen fiskar laks i når han er på besøk på Jæren. I tillegg til å vera ei populær lakseelv, så er ho også populær for badegjestar på varme sommardagar.

Men for nøyaktig fire år sidan blei badeplassen på Foss-Eikeland brått endra.

Silje Orstad ved Figgjoelva

Silje Orstad har flytta til Bergen, men engasjerer seg framleis for Figgjoelva. Her vil ho at hennar barn skal få like gode naturopplevingar som ho sjølv hadde då ho var lita.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Føreslo moglege tiltak

Entreprenørselskapet Stangeland maskin ville ha ein betre veg for lastebilane som køyrde til og frå pukkverket deira ved elva. Dei utvida og asfalterte derfor ein eksisterande grusveg.

Figgjoelva er eit verna vassdrag, så då Silje Orstad klaga på den nye vegen, tok det ikkje lang tid før Klepp kommune kunne slå fast at vegen var ulovleg. Stangeland maskin kom også med ei liste over moglege tiltak dei kunne setja i verk for å bøta på skadane.

Bra, tenkte Orstad. Men det viste seg at vedtaket skulle få lite å seia, reint praktisk.

Det har nå gått fire år sidan vegen blei utvida, men ingenting har skjedd.

– Det er rett og slett lite omsyn til oss som bruker området, seier Orstad.

– Langsiktig planlegging

Elva ligg der kommunane Klepp, Time og Sandnes møtest. Frå byggesaksavdelinga til Klepp kommune får NRK opplyst at saka ikkje har hatt høg prioritet, medan dei hos Time kommune viser til eit brev dei har sendt Stangeland maskin.

Her skriv dei følgande om saka.

«Avklaring frå Time har tatt noko tid. Dette skyldes at området vegen ligg i har mange utfordringer knytta til overordna langsiktig planlegging og berørt mynde. Ein kan nevna tverrsambandet, omkjøringsveg, nærheit til værna vassdrag, grunneigarar m.m. Det siste året har det også kome ein ny part. Statnett ynskjer å etablera seg i området. Dette kan påvirka eksisterande veg og arbeidet med utvidning av denne. Statnett har i dag ein konsesjonssøknad til behandling hjå NVE, og me vil derfor avventa videre avklaring til konsesjonssøknaden er ferdig behandla.»

– Det har gått så lang tid at kommunen nå heilt klart bør følga opp saka, seier Knut Harald Dobbe, som er plankoordinator hos Fylkesmannen i Rogaland.

Men dei har likevel ikkje sett ein tidsfrist, så Orstad og dei andre i området som meiner at ei naturperle er øydelagt, må smørja seg med meir tolmod.

– Det er trist. Eg skulle ønska at dette blir tatt vare på som eit natur- og friluftsområde, men dessverre ligg det så tett på eit næringsområde, at dei har kunna valsa over naturen, seier ho.