NRK Meny

ULOVLEG LASERBRUK:

Fire gutar i alderen 15–17 år vart i natt tekne av politiet i Sauda. Årsaka var at dei lyste på bilar med laserpenn. Politiet ser alvorleg på det fordi det både kan skape trafikkfarlege situasjonar, og fordi det er forbode etter strålevernsforskrifta å ha slike laserpeikarar. Sauda lensmannskontor vil følge opp overfor ungdommane og deira foresatte.