Hopp til innhold

- Prisforskjell frister til ulovlig import

Fleire og fleire nordmenn henter hundar og kattar ulovleg frå utlandet til Noreg.

Katt

Ulovleg import av kattar og hundar frå utlandet aukar. Mattilsynet ber derfor folk passa på. Illustrasjonsfoto.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Kjæledyrimporten frå utlandet, særleg frå dei nye EU-landa i Aust-Europa, aukar. Men verken politiet eller Mattilsynet kan gi presise tal på kor mange dyr som blir ulovleg importerte til Noreg.

– Prisforskjellen på hundar og kattar i Europa og Noreg gjer det attraktivt for mange å ta meg seg dyra ulovleg til landet, seier Ole Aamodt, seksjonssjef i Mattilsynet.

Faksimile Finn

Remzo Alibasic frå Sandnes blei lurt til å tru at han handla ein norsk hund via finn.no (annonsane i faksimila er ikkje ulovlege).

Foto: Faksimile finn.no
Lettare med dyre-import

Ei anna årsak til at kjæledyrimporten aukar, er at det har blitt lettare å frakta dyr mellom landegrensene dei siste åra.

– Regelverket blei mjuka opp for at det skulle bli enklare for folk på reise å ta med eigne kjæledyr. Nå ser me at regelverket blir misbrukt til ulovleg dyreimport, seier Aamodt.

Fann hunden på nettet

Ulovleg dyrehandel blir ofte gjort via internett. Nettannonsar gjer det lett å komma i kontakt med dyr utan norsk opphav. Remzo Alibasic frå Sandnes fann sin franske bulldog på nettet.

– Først trudde eg hunden kom frå Bryne, men så viste deg seg at den var fødd i Latvia. Det var dyrlegen som fann ut at hunden ikkje var norsk, sidan den mangla påkravde vaksinar, seier han.

Ber folk vera på vakt

I Stavanger hamnar dyr Mattilsynet mistenker ikkje har vaksinekortet i orden hos Falck. Også her merkar dei at fleire nordmenn importerer dyr ulovleg frå utlandet.

– Det siste året har det kome inn fleire dyr til oss, omlag 100. Og eg trur talet kjem til å auka, seier Lasse Malmin i Falck.

Mattilsynet ber derfor folk som skal handla seg ein ny «Fido» eller «Laika» om å vera varsame.

– Folk handlar i for stor grad i god tru. Folk må vera meir på vakt, er rådet frå Ole Aamodt.