Hopp til innhold

Ulovleg oppskyting av fyrverkeri i Randaberg

For tredje kvelden på rad har ungdom skote opp fyrverkeri ulovleg i Randaberg sentrum.

Det er berre lov å skyta opp fyrverkeri mellom klokka 18 og 02 nyttårsaftan. Det ser det ikkje ut til at alle i Randaberg bryr seg om.

Nok ei natt har politiet fått melding om uvettig bruk av fyrverkeri i sentrum av kommunen, til stor sjenanse for naboar.

Politiet rykka ut til staden der oppskytinga skjedde og la beslag på ei veske full med fyrverkeri.

Oppskytinga fortsette utover natta og klokka 01.50 blei fleire personar viste bort frå sentrum.

Flere nyheter fra Rogaland