Hopp til innhold

Svak generalprøve av FK Haugesund

– Me må spela betre enn dette mot Stabæk i serieopninga, viss ikkje blir det ikkje mange poeng på oss, sa FKH-trenar Jostein Grindhaug etter 1-1-kampen mot Sandnes Ulf søndag.

Sandnes Ulf og FK Haugesund spelte uavgjort i ein treningskamp 29. mars 2015.

Det var heimelaget som scora først, då Pontus Engblom plutseleg fekk stå heil uforstyrra framfor mål med ballen i beina. Han trilla ballen enkelt til side for keeper Per Morten Kristiansen, og vips, så var det 1–0 etter åtte minutt.

Bortelaget svara raskt, og etter 16 minutt utlikna Dusan Cvetinovic for FKH. Bortelaget fekk corner, og i lufta var serbaren på plass og stanga ballen kontant i mål som om han aldri hadde gjort anna.

– Mangla innsats

Jostein Grindhaug

IKKJE NØGD: FKH-trenar Jostein Grindhaug seier dei har mykje å jobba med fram mot neste kamp.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Det var ein jamn kamp og resultatet er greitt, men innhaldet var ikkje så bra for vår del.

Slik summerer FKH-trenar Jostein Grindhaug opp kampen mot 1.-divisjonslaget Sandnes Ulf. Om ei veke serieopnar dei borte mot Stabæk, og då forventar Grindhaug meir av mannskapet sitt.

– Me må spela betre enn me gjorde i dag, viss ikkje blir det ikkje mange poeng. Det er for mange pasningsfeil, for dårlege val og ikkje den innsatsen som må til for å vinna fotballkampar, seier Grindhaug.

Nøgd Sæternes

Sæternes profilbilde

NØGD: Sandnes Ulf-trenar Bengt Sæternes syns dei spelte ein grei kamp mot eliteserielaget FKH.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

Attmed den andre innbytarbenken stod ein trenar som var meir positiv då dommaren bles av kampen.

– Eg er nøgd med resultatet, og prestasjonen er til dels bra, men kan sjølvsagt bli betre. Me er gode bakover på bana, men har litt å gå på framover, seier Ulf-trenar Bengt Sæternes.

I sin første seriekamp møter dei Jerv i Sandnes.

– Me må prøva å skapa litt fleire sjansar, men me er i rute før sesongstart, seier han.