Hopp til innhold

«Fiaskofeltet» fyller 35 år: – Ei av dei mest spektakulære leitehistoriene på norsk sokkel

24 år etter at det eigentleg skulle bli avvikla, produserer framleis Ulafeltet i Nordsjøen.

Ekofisk

FØRST UTE: Plattforma Gulftide blei den første som produserte olje i Nordsjøen, frå Ekofisk-feltet. Men eigentleg skulle ho brukast i Ula.

Foto: Erik Thorberg / NTB

I 1968 blei den første brunnen i det som skulle bli Ula-feltet bora.

Det amerikanske selskapet Gulf hadde fått rettigheitene for heile blokka, men etter å ha bora ned til det dei trudde var grunnfjell, gav dei frå seg lisensen.

Åtte år seinare kom selskapet BP inn for å prøve seg på same felt.

73,8 meter under der Gulf hadde gitt opp, trefte dei olje.

Ula-feltet var blitt født.

Bjørn Vidar Lerøen

Bjørn Vidar Lerøen har skrive fleire bøker om historia til norsk oljeutvinning. Han har også følgt industrien som journalist, og seinare som rådgjevar i Statoil (nå Equinor).

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er ein av dei mest spektakulære leitehistoriene på norsk sokkel, seier olje- og gasskommentator Bjørn Vidar Lerøen.

Det er nettopp avstanden på knappe 74 meter Lerøen peikar på som spektakulær.

– De 73,8 meterane var forskjellen på ein total fiasko og ein eineståande suksess.

Til samanlikning ligg reservoaret på 3345 meters djup.

Har sett sine spor i oljehistoria

Etter Gulf gav opp å finne olje i Ula-feltet, selde selskapet plattforma dei hadde bygd for å hente ut olje.

Plattforma som heitt Gulftide blei den første plattforma i Ekofisk, og starta dermed det norske oljeeventyret.

Etter det blei funne olje, og feltet starta opp for alvor, var planen å produsere i omtrent elleve år.

Men takka vere teknologiutviklinga varte det lenger enn som så.

– Det me gjorde i 1998 var vore viktig, me pumpa vatn og gass ned i reservoaret og flytta olja opp til brunnane, seier Jorunn Kvåle som nå er direktør for Ulafeltet i Aker BP.

Denne teknologien var det Ula som var først ute med, fortel ho.

– Det har gjort at me kan produsere lenger i dag.

Ula-plattformene

Ula-plattformene i Nordsjøen.

Foto: bp.com

Og nå, 35 år seinare, blir det framleis produsert olje på Ula-feltet. I alt reknar dei med å ha produsert over 600 millionar fat.

– Ula har blitt meir enn det ein forventa, og levetida har blitt forlenga kraftig, seier Lerøen.

Feltet starta produksjon i 1986. Samstundes stupte oljeprisen. BP angra på at dei hadde starta opp feltet, fortel Lerøen.

– Så Ula starta i ein skikkeleg motbakke, men har blitt ein gedigen suksess, seier han.

Historisk mediehending

Og NRK dekka sjølvsagd denne dagen og hendinga. Men ikkje berre frå land.

For aller første gong vart det sendt direktefjernsyn frå ei plattform i Nordsjøen.

Frå første direktesending frå ei plattform i Nordsjøen

Det vart ei skikkeleg mediehending dagen Ulafeltet opna. Eldbjørg Vaage var reporter på direkten for NRK.

Foto: NRK

– Det var ein stor dag. For byen, regionen og meg sjølv som fekk oppdraget, seier Kari Thu.

Kari Thu (H), tidlegare ordførar i Stavanger

Tidlegare ordførar i Stavanger, Kari Thu, hugsar godt dagen ho fekk æra av å erklære Ulafeltet for opna.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ho var ordførar frå Høgre i Stavanger i åra 1982-1988, og sto for den offisielle opninga av Ula.

– Det har vore litt av ei utvikling. Me har opplevd så mykje gjennom desse åra. Eg har nesten ikkje ord for det.