Hopp til innhold

Ukrainsk samtidskunst skal fortelje verda om krigen

Kva følte ukrainarane den 24. februar, då krigen braut ut? Det skal ein nå kunna sjå og oppleve gjennom kunst.

Kunstverk av Alevtina Kakhidze

Dette kunstverket frå Alevtina Kakhidze, saman med fleire kunstverk frå ukrainske samtidskunstnarar skal skape merksemd på Sølvberget i Stavanger.

Foto: Odin Omland / NRK

– Ein må ha noko å gjere for å ikkje gå heilt bananas, men det er også min måte å føle at eg gjer noko nyttig, seier Kateryna Taylor frå eit hotell oppe i fjella i Vest-Ukraina.

Ho har ikkje forlate heimlandet, men har kome seg vekk frå bombinga.

– Det har gått tre veker, og det verkar framleis uverkeleg. Eg kan ikkje tru at det skjer.

Kunsten hjelper

Ukrainske kunstnaren Kateryna Taylor

Kateryna Taylor er er på flukt frå krigen. Nå har ho arrangert ei utstilling for Ukraina med fleire ukrainske samtidskunstnarar.

Men medan ho flyktar, blir kunstformidling brukt for å halde motet oppe. Og frå hotellrommet bidrar ho til å hjelpe landet sitt.

For Taylor jobbar som kurator. Nå har ho arrangert ei kunstutstilling med samtidskunstnarar frå heile Ukraina, som skal få vise fram sine tolkingar frå krigen.

– Eg har prøvd å hjelpe til som frivillig med det humanitære arbeidet, men følte meg ikkje like effektiv.

Så derfor bestemte ho seg for å leggje alle kreftene inn i det ho er aller best på. Kunsten.

Ukrainsk kunst på Sølvberget

18 kunstnarar frå Ukraina, både unge og gamle, har bidratt til utstillinga på Sølvberget i Stavanger.

Foto: Odin Omland / NRK
Kunstverk av ukrainske Igor Gusev

Kunstverk av ukrainske Igor Gusev.

Foto: Odin Omland / NRK

Det er gruppa «Artists Support Ukraine» som leverer bilda. Gruppa blei først starta opp i 2014 etter Russland annekterte Krim-halvøya.

– Me har kunna vera aktive sidan dag éin, sidan gruppa allereie var der. Men nå ville eg blåse nytt liv i henne.

Personleg og annleis oppleving

Og det er på kulturhuset Sølvberget i Stavanger at ein kan oppleve kunsten, og sjå kva slags inntrykk krigen har gjort på innbyggarane.

Leiar for Sølvberget galleri, Hildegunn Birkeland, har brukt dei siste dagane på å pakke ut den rykande ferske kunsten frå Ukraina.

– Eg er imponert over kor flinke dei er til å snu seg når situasjonen er slik, seier Birkeland.

Hildegunn Birkeland, leiar i Sølvberget galleri, gjer klart til utstilling med ukrainske flyktningar og kunstnarar

Leiar i Sølvberget galleri, Hildegunn Birkeland, rydda i programmet for å få plass til utstillinga, som er ut april.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Ho tok sjølv kontakt med Taylor, og sender nå førespurnader vidare til samarbeidspartnarar. Målet er å få meir merksemd og støtte for prosjektet.

Og Birkeland meiner dette ikkje berre er viktig for ukrainarane sjølv.

Ukrainsk kunst på Sølvberget

Kunstverka har eigne tekstar frå kunstnaren. På dette står det «I was in bed when it all started. My family is in Odesa, Tairovo. I am in Montenegro. Fuck the war!»

Foto: Odin Omland / NRK

– Kunsten kan bidra med å få oss menneske til å sjå og oppfatte. Dei er flinke til å formidle, og vil me skal stoppe opp og tenkje. Samtidskunsten er ein illustrasjon av tida me lever i.

Les også Skal hjelpe deg med å avsløre falske nyheiter

Taylor forklarar at dette er veldig personleg og ein annleis oppleving for alle, men at nokon klarer å dokumentere det som skjer.

– Det er sjølvsagt gjennom deira personlege tolking, men likevel er det midt i krigsherjingane. For andre er det også ein sjanse til å seie ifrå og fortelje verda kva som skjer.

Olexandra Kovaleva frå Ukraina står bak denne kunsten.

Olexandra Kovaleva frå Ukraina står bak denne kunsten.

Foto: Odin Omland / NRK
Kunstverk av ukrainske Alevtina Kakhidze

Kunstverk av ukrainske Alevtina Kakhidze.

Foto: Odin Omland / NRK