Hopp til innhold

Ukrainarar kjøper norske elbilar på grunn av krigen

Drivstoffmangel råkar Ukraina hardt etter invasjonen. No ynskjer ukrainarar å kjøpe brukte elbilar heilt frå Noreg.

Ukrainarar skubbar bilen sin som er tom for drivstoff

Ukrainarar skubbar ein tom bil mot ein bensinstasjon i Kyiv 12. mai. Landet har sidan Russlands invasjon i februar mangla drivstoff.

Foto: OLEG PETRASYUK / EPA

– På grunn av militær unntakstilstand og det konstante rakettbombardementet av drivstofflagera våre, opplever vi ein alvorleg mangel på drivstoff til bilar, seier Mykhailo Katruk.

33-åringen har sidan han var 18 importert bilar til Ukraina frå Europa og USA.

I det siste har norske, brukte elbilar blitt det store nye for kundane hans.

Mykhailo Katruk

Mykhailo Katruk har importert bilar i mange år, og det siste nye er å hente brukte, billige elbilar frå Noreg.

Foto: Privat / Instagram

Han held til i Lviv vest i landet, og seier han lev relativt fredeleg.

Sjølv langt unna frontlinja seier Katruk at ukrainarar ofte leitar i femtida om morgonen etter bensinstasjonar som kan ha fått drivstoff inn, slik at dei kan køyre ungar på skulen, reise på jobb eller dra til legen og matbutikken.

Men der er lite eller ingenting er å oppdrive.

– Nokre folk sel dei dyre SUVane sine for ingenting for å kjøpe ein billig, elektrisk bil som ein Nissan Leaf eller Renault Zoe, seier han.

Mangel, ikkje pris

Norske aviser og kommentarfelt er fulle av diskusjonar om drivstoffprisen om dagen. Men kor enn dyr den er har vi framleis tilgang på den.

Slik er det ikkje fleire stadar i Europa.

Globale lager av diesel er på sitt lågaste nivå sidan 2008. Fleire land i Aust-Europa står i fare for å hamne i drivstoffkrise.

I Ukraina slit dei med å få inn bensin og diesel på grunn av krigen. Samstundes kjem mange ukrainarar heim att vest i landet etter russiske styrkar vart pressa ut. Det aukar forbruket medan importen stagnerer.

Mange stadar må ein stå i kø i timevis før ein får kjøpe maks ti liter diesel eller bensin.

Fuel pumps wrapped with polythene are seen at a closed petrol station in Kyiv

2. mai var desse pumpene på ein bensinstasjon i Kyiv tømt og stengt.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters
Drivers line up next to a petrol station to refill their car tanks, in Kyiv

Køene kan ofte vere fleire timar lange for få liter drivstoff – om der er noko å oppdrive i det heile. Her frå ein bensinstasjon i Kyiv 1. mars.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters
Ukrainarar skubbar bilen sin som er tom for drivstoff

Ukrainarar skubbar ein tom bil mot ein bensinstasjon i Kyiv 12. mai. Landet har sidan Russlands invasjon i februar mangla drivstoff.

Fleire i Aust-Europa vil ha elektrisk

Fleire norske bilseljarar NRK har prata med bekreftar at dei den siste tida har fått førespurnadar frå ukrainarar om kjøp av elbilar.

Eg har hatt et par på besøk, seier Tom Kaare Riis, eigar av Elbilhallen i Sandnes.

Han påstår at dei kan selje ein Nissan Leaf 2016 modell, som kostar 120.000 kroner i Noreg, for 160.000 kroner i Ukraina.

Men eg er litt skeptisk til det. Eg har eksportert før, men no er det so få elbilar i den norske marknaden, seier han.

Eigar av Bilteknikk1 AS, Almin Maksumic, har blitt kontakta både på e-post og telefon av folk som vil kjøpe elbilar til Ukraina.

Dei ynskjer å kjøpe dei bilane som er litt billigare i pris, mellom 50.000 og 60.000. Dei som kontaktar oss er vidareformidlarar, som igjen sel bilen vidare til Ukraina, seier Maksumic.

NRK har også sett e-postar sendt til forhandlarar frå ukrainarar sjølve som seier familien deira treng ein elbil grunna drivstoffmangelen.

Les også Skyhøye drivstoffpriser: – Den dyreste bensinen jeg har kjøpt i mitt liv

Atle Rise

Færre avgifter = fleire importbilar

Dei siste åra har også Ukraina letta på fleire tollavgifter kring elbilar, og Katruk seier han merka ei større interesse for elektriske bilar allereie før krigen. Men etter Russlands invasjon har etterspørselen berre gått opp.

Den 5. april signerte den ukrainske statsministeren Volodymyr Zelenskyj ei lov som fjerna alle avgifter på import av bilar – utanom frå Russland, sjølvsagt.

– Mange ukrainarar mista bilane sine eller dei vart øydelagde i militærinvasjonen. For mange er difor dette ein måte å skaffe ein ny bil for ein billig penge, seier Katruk.

Billege elbilar på Finn

Billege, elektriske og med relativt låg kilometerstand – det er dei norske bruktbilane Katruk vil ha til Ukraina.

Foto: Finn.no / Skjermbilete

Men kvifor heilt frå Noreg?

Katruk seier han importerer bilar frå ulike land av ulike grunnar. Nokre land har eigne reglar og meir eller mindre avgifter for ulike typar bilar.

For det meste har Katruk tidlegare importert frå Litauen, Polen, Tyskland og Nederland.

Men sjølv om Noreg gjerne vert sett på som eit dyrt land for det aller meste, er faktisk våre brukte elbilar relativt billege, fortel Katruk.

– Dykkar (brukte bilar) har låg kilometerstand. Til dømes vil tyske bilar med 100.000 kilometer bli rekna som nesten ny og vil vere dyr, sjølv for tyskarane sjølv.

– De har ein ganske høg levestandard, so eg ser alltid at bilservicen er av veldig høg kvalitet, seier Katruk.

Vegen frå Stavanger, der Mykhailo Katruk nyleg prøvde å kjøpe ein Renault Zoe frå, til Lviv er lang.

Les også Halve Europa senkar pumpeprisen, men ikkje Noreg

Vedum Grisen sort bil

NRK har vore i kontakt med SSB, Tolletaten og Opplysningsrådet for Veitrafikken. Ingen hadde klåre tal om kor mange brukte elbilar som vert eksportert frå Noreg.