Hopp til innhold

UiS får leilegheitshotell i gåve

Investorselskapet Smedvig gir eit hotell i gåve til Universitetet i Stavanger. Det blei offentleggjort under hundreårsjubileet til selskapet.

Hotell til UiS

Slik skal hotellet som får namn Ydalir sjå ut når det står ferdig.

Foto: Smedvig

Rektor Marit Boyesen

Rektor ved UiS Marit Boyesen er svært glad for gåva.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Gåva har ein verdi på hundre millionar kroner heiter det i ei pressemelding frå Smedvig-konsernet.

– Det er eit leilegheitshotell der overskotet av drifta skal gå til å styrka kunnskaps- og utdanningsmiljøet ved Universitetet i Stavanger, står det i pressemeldinga.

Norge sitt første campushotell

Planen er at hotellet skal ligga på Ullandhaug slik at universitetet kan tilby sine gjesteførelesarar, professorar, doktorgradsstudentar og andre som er på besøk.

Rektor ved UiS Marit Boyesen er svært glad for at de nå får Norge sitt første campushotell.

– Ved våre besøk til utanlandske universitet har me sett campushotell som me skulle ønska me hadde. Så langt har det vore ein fjern draum, men nå får me det i Stavanger seier Marit Boyesen til universitetet sine nettsider.

Også Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø er til stades på kveldens 100-årsjubileum.

– Eg er veldig glad for denne gåva. Hotellet vil styrka universitetet vårt og det vil ha mykje å sei for kunnskapsbyen Stavanger, seier ho.

Ho legg til at hotellet nå vil koma opp som sak i kommunen, og at vil følgja vanleg saksgang for nye bygg.

Ønsker å stimulera til meir utdanning

Stavanger-selskapet Smedvig etablerte seg først innan shipping i 1915. Etter kvart har selskapet vakse seg større innan både olje, gass, industri og eigedom. Peter Smedvig, som nå leiar familieselskapet, er ein av Norges rikaste menn. Selskapet grunngir gåva si ved å visa til formålsparagrafen deira for tildeling av gåver og sponsormiddel:

«Smedvig ønsker å prioritere gaver og sponsormidler spesielt rettet mot barn og unge. Det er en målsetning at midlene direkte eller indirekte skal kunne stimulere til både økt utdannelse og kunnskapsnivå for å kunne være til glede for regionen i et langsiktig perspektiv.»

Gåva kjem i ei tid med heftig debatt om framtidig byutvikling for Stavanger og kor det nye sjukehuset i regionen skal plasserast. Eitt av alternativa er nettopp Ullandhaug.

Ordføraren ser ikkje plent på det nye hotellet som eit innlegg i den debatten.

– Uavhengig kor det nye sjukehuset kjem er det viktig at me styrkar ein av dei viktigaste institusjonane me har i Stavanger. Dette er utruleg raust av Smedvig, seier Sagen Helgø til NRK.