NRK Meny

UiS får kritikk

Universitetet i Stavanger får kritikk av både presseforbundet og Norsk studentorganisasjon. Årsaka er at universitet på sine nettsider bad studentane om å tenka seg om før dei varsla media om trakassering eller mobbing. På nettsidene til universitetet stod det at medieoppslag ved varsling kan skada universitetet unødig. Universitetet seier til forskning.no at formuleringa er både uheldig og unødvendig, og den er no fjerna.