NRK Meny
Normal

Gløymde handbrekket – rulla inn i bakeriet

Slik kan det gå dersom du gløymer å trekkja opp handbrekket når du parkerer.

Rygga inn i bakeri

UHELDIG: Ein lastebil rulla inn i Vaaland Dampbakeri i Nygata i Stavanger sentrum måndag kveld.

Foto: Eirik Gjesdal

Ei politipatrulje i Stavanger sentrum kom over to trafikkuhell, som skjedde nesten samtidig på same plass i kveld.

Den første handla om ein uheldig lastebilsjåfør. Ifølge operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Geir Gjesdal, hadde han truleg gløymt å dra opp handbrekket på bilen etter at han parkerte.

– Det gjorde at lastebilen rulla inn i Vaaland Dampbakeri i Myhregaarden i Nygata. Ingen blei skadd, men det store utstillingsvindauge er knust og må sikrast, seier han til NRK.no.

Sikrar vindauge

Vindauge er på tre gonger tre meter, og politiet har kome i kontakt med sjåføren i 30-åra.

– Det er usikkert om bilen kom ryggande inn i bakeriet eller om den kom inn med fronten, seier Gjesdal.

Sjåføren blir meldt for forholdet, og politiet har bestilt sikring av butikkvindauge.

Køyrde på fotgjengar

Politipatruljen melde inn til operasjonsleiaren om den uheldige sjåføren klokka 1909. Berre få minutt seinare, klokka 1916, melde patruljen om nok eit trafikkuhell i området.

– Det var ein bilist som køyrde på ein fotgjengar i Klubbgata. Fotgjengaren klaga over smerter i arm og skulder, men skal ikkje vera alvorleg skadd, opplyser operasjonsleiar Gjesdal.

Rygga inn i bakeri

KNUST RUTE: Utstillingsvindauge til Vaaland Dampbakeri i Nygata i Stavanger er knust etter trafikkuhellet måndag.

Foto: Eirik Gjesdal