Det opplyser pressetalsperson i Utanriksdepartementet, Guri Solberg, til NRK.
Diplomatar frå Noreg sin ambassade er også i kontakt med flytilsette i innsjekkingsskranken i Krabi, for å gje råd om kven som kan sjekke inn.
HJELPER: Pressetalsperson i Utanriksdepartementet, Guri Solberg, seier UD no hjelper EØS-borgarar som skal til Noreg frå Thailand.
Foto: UDÅrsaka er fleire hendingar der personar som har budd lenge i Noreg har blitt nekta å gå ombord i fly heim, seier Solberg.
Problema oppstod fordi grensa blei stengt for utlendingar utan opphaldsløyve i Noreg på måndag.
Svenskar måtte bli att i Thailand
– Eg har alltid vore stolt svenske i Noreg, men det eg såg på måndag var skammeleg,
Lena Poruba er opprørt etter at fleire svenskar måtte bli att på flyplassen i Thailand.
Foto: PrivatLena Poruba er svensk, men har budd halve livet sitt i Fredrikstad.
På måndag var ho vitne til at fleire svenskar, også småbarnsfamiliar, måtte stå att på flyplassen på Krabi i Thailand, fordi Norwegian ikkje ville ta dei med på flyet til Oslo. Ei sak som også er omtalt av svenske Expressen.
– Eg blei først nekta sjølv, sidan passet mitt er svensk, men då eg viste det norske førarkortet mitt fekk eg koma om bord. Svenskane som måtte bli igjen hadde bilar parkert på Gardermoen, og skulle køyra heim til Sverige då dei landa, seier ho.
Måtte kjøpa same flybillett to gonger
– Eg håper at ingen andre skal oppleve så store vanskar med å koma seg heim, seier José Cerca.
Han er opphavleg frå Portugal, men har budd fire år i Noreg.
Då han og sambuaren, Tora Knutsen, skulle heim frå San Francisco, måtte han til slutt kjøpa same Norwegian-flysete to gonger for å koma seg heim.
– Då eg skulle fly frå USA kansellerte Norwegian siste del av flyturen min frå London til Oslo, fordi dokumentasjonen min ikkje var god nok til å koma inn til Noreg. Eg blei stressa fordi det såg ut til å bli vanskeleg for meg å koma heim, seier han.
Melding frå Norwegian om at billetten til Jose blei kansellert
Foto: PrivatDå Norwegian hadde kansellert billetten frå London, fekk Cerca hjelp av broren til sambuaren til å kjøpa same billett på ny.
Då han kom til London var plutseleg dokumentasjonen hans god nok for Norwegian-personalet, og han fekk setja seg på flyet med den andre billetten han hadde skaffa seg.
Klokka seks onsdag kveld var han og sambuaren endeleg heime.
– Det burde ikkje vera så vanskeleg å koma seg heim når styresmaktene faktisk ber oss om å koma heim, seier Cerca.
Framleis koronafast etter flynekt
Fleire har opplevd liknande situasjonar etter at grensa blei stengt for utlendingar utan opphaldsløyve i Noreg på måndag.
Onsdag fortalde NRK om at William Peer Berg frå Oslo og Peter Struthers frå Vats, blei nekta ombordstiging på Norwegian sitt fly frå Edinburgh til Oslo, sjølv om dei ifølgje styresmaktene skulle fått reisa heim.
Torsdag er Peter Struthers framleis koronafast i Skottland. Håpet er at han skal koma seg heim med Widerøe på fredag.
Nordiske land skal samarbeida
Pressekontakt i Norwegian, Andreas Hjørnholm, kjenner ikkje til kvart enkelt tilfelle, men svarer på generelt grunnlag.
– Dersom det viser seg, at me i enkelte høve, som de finn, skulle ha tolka reglane annleis enn det styresmaktene har ønska, så er dette sjølvsagt beklageleg, skriv Hjørnholm i ein e-post til NRK.
Ifølgje Utanriksdepartementet blei flyselskapa SAS, Norwegian og Avinor måndag orientert om gjeldande retningslinjer. Her skal det mellom anna ha blitt presisert at EØS-borgarar ikkje må dokumentera at dei bur eller jobbar i Noreg, for å koma inn.
Utanriksminister Ine Eriksen Søreide skriv i ei pressemelding at det også er inngått eit samarbeid for at nordiske borgarar skal få transitt gjennom nordiske land, slik at dei kan reisa heim til sine respektive land.
– Det er ein svært krevjande situasjon når reiserestriksjonane heile tida blir endra. Me forstår at det er tungvint for våre reisande, og ber samstundes om forståing for at dette er ein ekstraordinær situasjon, skriv presseansvarleg i Norwegian, Andreas Hjørnholm i ein mail til NRK.
Beklagar, dersom det har skjedd feil
Når det kjem til svenskane som måtte bli att i Thailand, skriv Norwegian at det kan bli problematisk. Dei då må bevisa at dei skal køyra rett heim frå Gardermoen.
– Nøyaktig kva som har skjedd her har eg dessverre ingen detaljar om. Det kan ha skjedd ei misforståing hos dei som sjekka dei reisande inn på flyplassen i Thailand. Om det er sånn, at passasjerar feilaktig har blitt nekta tilgjenge til flyet, så er det sjølvsagt noko me beklagar djupt, skriv Hjørnholm.
Om praksisen er endra nå svarer flyselskapet følgjande.
– Det blir stadig innført nye og endra reiserestriksjonar i alle våre destinasjonar. Me jobbar på spreng for å heile tida vera oppdaterte både for oss sjølv og for våre samarbeidspartnarar ved innsjekk-skrankane på flyplassane.