Hopp til innhold

Stavanger vann på stilen, medan Sandnes var best på bretting

Sandnesordførar Stanley Wirak imponerte med sine ferdigheiter i julegåveinnpakking då han og stavangerordførar Christine Sagen Helgø møttest til duell på NRK Lokalen i dag.

Sandnesordførar Stanley Wirak imponerte med sine ferdigheiter, og stavangerordførar Christine Sagen Helgø gjekk for ein minimalistisk stil då dei møttest til duell på NRK Lokalen i dag.

SJÅ VIDEO: Det var god stemning på NRK Lokalen då Stanley Wirak og Christine Sagen Helgø møttest til venleg duell torsdag morgon.

Det var god stemning i studio då dei to ordførarane møttest til venleg duell i førjulstida. I dag var det ikkje politikk som stod på programmet, men julegåveinnpakking.

– Eg trur ikkje det er dette eg er best på, men eg skal i alle fall forsøka å gjera det litt elegant, sa stavangerordførar Christine Sagen Helgø.

– Eg plar å få beskjed frå kona når eg skal handla julegåver om kva for butikk eg skal gå i, og då er det ferdig innpakka, smilte Wirak.

Han påstod at heller ikkje han var ein driven innpakkar, men etter kvart synte han imponerande ferdigheiter med papir og saks.

Sagen Helgø gjekk for eit stilreint og minimalistisk uttrykk, medan Wirak imponerte med brettinga men bomma litt på pynten. Det gjorde at overdommar Skjæveland kom med følgjande konklusjon:

– Stavanger vinn på stil, medan Sandnes vinn reint formmessig.