Det verka det som trenarane til begge laga, Haugesunds Jostein Grindhaug og Sarpsborgs Geir Bakke, var fornøgde med.
Haugesund ville mest, gjorde minst feil og leidde fortent 1–0 etter dei første 45 minutta. Etter sidebyte fekk gjestene ei tidleg utlikning. Etter det bar kampen preg av to lag som ikkje klarte å skape så veldig mykje meir.
– Kampen vart akkurat sånn som vi såg for oss. Det vart ein krig, men dei var eit hestehovud føre oss, sa Sarpsborg-kaptein Jørgen Horn til Eurosport etter ein omgang.
FKHs frisparkkonge Alexander Stølås slo til igjen etter ein snau halvtime. Heimelaga fekk eit frispark frå 18 meter som han banka i mål via stolpen og ryggen på Sarpsborg-målvakta Aleksandr Vasjutin. Det vart derimot registrert som eit sjølvmål og ikkje andre målet til stopparen for sesongen.
– Eg synest vi møter eit godt lag. Vi har enno litt å gå på, sa FKH-trenar Jostein Grindhaug etter kampen.
Sarpsborg i sine selvlysende gule drakter fekk ein flott start på annan omgang. Etter to minutt kom Steffen Lie Skålevik seg fram på høgrekanten. Innlegget hans fekk Haugesund-forsvaret problem med. Sandvik redda, men returen sette Kristoffer Zachariassen i mål.
– Vi byrja å vinne duellar og sette eit visst trøkk på dei. Det er sterkt å ta poeng på bortebane i Haugesund, sa Zachariassen.
FK Haugesund har berre eitt poeng på to kampar etter tapet for Strømsgodset sist helg. Grindhaug tar det med fatning.
– Det er framleis litt potensial i laget vårt. Det skal vi jakte, og det skal vi få ut. Då trur eg òg vi får trepoengere i framtida.