I dag varsla Norges Rederiforbund ei opptrapping av lockouten som var så omfattande at all olje- og gassproduksjon på norsk sokkel hadde stansa innan to veker.
- Når vi no fekk eit opptrappingsvarsel som i praksis betyr nedstenging av heile den norske sokkelen, har det så store konsekvensar at vi ikkje kan leva med det, seier Høybråten.
OFS er ikkje overraska over at Høybråten vil ha tvungen lønsnemnd, men fyrer av ei breiside mot både arbeidsministeren og Rederiforbundet.
- Vi er skuffa over at Høybråten lar seg bli brukt av Rederiforbundet til å gå inn med tvungen lønsnemnd for å hjelpa dei ut av ein vanskeleg situasjon, sa Nustad på pressekonferansen etter møtet i dag.
Men Rederiforbundet viser til at 80 prosent av dei tilsette på riggane alt har kome i havn med forhandlingane, og slår tilbake.
- Dette er ei gruppe som over lang tid, på bakgrunn av heilt urimelege krav, har halde resten av næringa som gissel for å få gjennomslag for eigne interesser, sa Lie.