Hopp til innhold

Tvil om rockfest-framtid

Rockfest i Haugesund i helga gjekk med underskot. Nå vurderer festivalleiinga om dei kan halda fram neste år.

Kurt Nilsen på Rockfest

Kurt Nilsen på Rockfest. Bilde frå h-avis.no

Foto: h-avis.no

- Det er klart me må betala dei rekningane me har fått og me kan ikkje garantera at me har fått inn nok pengar til å klare det, seier festivalarrangør, Tom Erik Anfinsen.

- Me skal jobba for at det blir Rockfest også til neste år, men me kan ikkje garantera det.  Me hadde rekna med meir i billettinntekter enn kva me fekk, seier Anfinsen.

- Det kom ikkje så mange folk som me hadde håpa på.

Ordførar i Haugesund, Petter Steen, likar ikkje at festivalen nå vurderer å setja kroken på døra.

- Dette er ei dør det ikkje bør vera krok på, seier Steen.

Han tykkjer at festivalen er eit veldig flott kulturtiltak og går langt i å antyda at kommunen kan bidra til ei løysing.

- For framtida trur eg me må finna løysingar for ei betre og tryggare finansiering, seier Steen.

Næringslivet trør til

Knut Einar Wasbrekke i selskapet Lie Trend, seier at næringslivet i Haugesund skal sørge for at festivalen overlever.

- Eg har snakka med 25 større og mindre selskap, og alle er villige til å stille opp. Rockfest er såpass viktig for byen, kulturlivet og ungdommen, at me berre er nødt å bidra. Det skulle berre mangle, seier Wasbrekke til h-avis.no.

Seier stopp

Regn ein av festivaldagane bidrog til låge publikumstal

Regn ein av festivaldagane bidrog til låge publikumstal

Foto: h-avis.no

Medarrangør Helge Toft sa mandag til Haugesunds Avis, at underskottet ligg godt under ein million kroner.

- Hvis det ikkje går i pluss i år, sluttar me mens leiken er god, sa Toft til h-avis.no, før festivalen byrja.