Eit mektig mediedrama
Dan Børge Akerø
Det er godt vi ikkje veit kva vi er med på i helgene, vi stakkars TV-slavar som ikkje finn på anna å gjera enn å setja oss framfor skjermen. Utan å ana at vi er deltakarar i eit mektig mediedrama, sit vi og glor på kjendisane våre; Skavlan og Svabøe, Dan Børge og Hjeltnes, Brimi og Dyrhaug -for ikkje å snakka om Nick og Greengrass og alle dei andre med hjarta på rette staden.
Vi sit der og halvsøv....
Stundom geispar vi, stundom flirer vi, stundom berre sit vi der og halvsøv, uvitande om at vi blir registrerte av folk som fjernsynsselskapa har engasjert til å telja oss, uvitande om at vi er med i dramatiske krigshandlingar.
Soldatar i sofaen med fredagsknask
For tysdag kjem resultata av teljingane og avslører at vi har vore soldatar i den store TV-krigen. NRK knuste TV2, NRK vann TV-krigen, står det på førstesida i VG i dag. NRK feide TV2 av banen. For det skal vi vita at det er ein kamp på liv og død vi er med på når vi plasserer oss i sofaen med fredagsknask og laurdagspizza.
Men sjåarane let seg ikkje lokka
I heilsides avisannonser har Valebrokk i TV2 forkynt at nå skal han slå NRK og leggja under seg TV-Noreg med nye og fengjande program. Synnøve Svabøe i fri dressur, Frithjof Wilborn med millionar på baklomma, Stål Talsnes og Connie Barr med "Lørdagskommisjonen". Men så viser det seg at sjåarane ikkje har latt seg lokka av Valebrokks fanfarar. Berre litt over ein halv million såg på Wilborn og pengepremiane hans.
Massakrert av klassekamp
Programmet vart nærast massakrert av Dan Børge og klassekampen hans, fortel VG. Ein og ein kvart million sjåarar slo i hel tid med å glo på den avanserte tevlinga mellom Harald Eia og Bård Tufte Johansen der det intellektuelle høgdepunktet var ein brytekamp mellom dei to kjendisane i minimal, bleie-liknande innpakning.
Hærførar Valebrokk
Og "Lørdagskommisjonen" i TV2 greide ikkje ein gong å tevla med Laurdagsrevyen, Lotto-trekninga og reprisen på Fredrikssons fabrikk. Hærføraren Valebrokk må nok fram med tyngre skyts dersom han skal vinna helgekrigen og ikkje enda som Napoleon, forvist til ei fjerntliggjande øy utan TV-annonsørar.
Berre vi får kjendisar nok
Vi sjåarar er nemleg ikkje så brennande opptatt av om det er lisenspengar eller annonsekroner som finansierer bileta på skjermen. Berre vi får kjendisar nok, er det heller ikkje så nøye kva dei gjer og seier. Poenget for TV-sjefane er såleis å skaffa seg dei mest tiltrekkjande kjendisane. Vi treng difor ikkje bli overraska om Dan Børge dukkar opp i TV2 neste sesong. Valebrokk toler nok å tapa eit slag eller to, men han er ikkje den som slår seg til ro med å tapa krigen.