Hopp til innhold

Tusenvis av ubrukte teiner hopar seg opp etter fiskeriministeren si heilomvending

Leverandørar av leppefiskteiner fortvilar over stadig nye regelendringar.

Teiner på lager

HOPAR SEG OPP: Tusenvis av leppefiskteiner til fleire millionar kroner står nå på lager til Ok Marine i Kristiansand. Dei skulle eigentleg gått ut til norske fiskarar i år. Men nye krav på vent gjer at teinene blir på lager.

Foto: Inge Salvesen

– Fleire tusen teiner er anten på lager eller på veg inn. Verdien er på fleire millionar kroner og me er usikre på kva som skjer med dei. Det uføreseielege er det verste, seier salssjef Inge Salvesen i Ok Marine.

Sørlandsbedrifta er størst på leppefiskteiner i landet. Nå skaper fiskeriministeren sin snuoperasjon trøbbel for logistikken.

Bakgrunnen er at Nærings- og fiskeridepartementet i slutten av januar utsette nye krav om mindre opning på teinene.

Det skjedde etter at NRK omtalte eit massivt opprør blant leppefiskarar langs heile kysten.

Dei nye krava (sjå faktaboks) gjorde at dei om lag 400 leppefiskarane i landet stod i fare for å kasta over 120 000 fullt brukbare teiner til ein verdi på opp mot 100 millionar kroner.

Teiner frå Kina

Med nye krav på vent blir teinene som blei kjøpt inn for å innfri dei nye krava ståande på lager fordi inngangane på teinene er for små.

– Me kjem til å ha teiner på lager som kanskje ingen vil ha. I alle fall ikkje tidlegast før neste år, seier salssjef Hallgeir Frøystadvåg hos teineleverandør Frøystad AS.

Teinene blir i hovudsak laga i Kina og må derfor bestillast fleire månader før dei skal ut til norske fiskarar. Då er det ekstra viktig med klare reglar å forholda seg til.

– Me får varer til lager som i alle fall er bestilt seks månader tilbake. Dette går ut over likviditeten til ei lita bedrift og er ikkje heldig, seier Frøystadvåg.

Leppefisk-teiner

Metervis med leppefiskteiner står lagra hos Ok Marine i Kristiansand.

Foto: Inge Salvesen

– Ekstremt utfordrande

Ifølge teineleverandørane er det for krevjande å bygga om teinene til dagens krav.

– Alt kan lagast om, men det krev mykje arbeidet. Dessutan er norsk arbeidskraft så dyr at eg ikkje trur me blir konkurransedyktige på pris dersom me skal gjera det.

Teineleverandørane understrekar at dei støttar fiskarane som protesterte mot mindre teine-opningar.

Dei krev nå meir føreseielegheit for å gjera det enklare å driva butikk og levera utstyret fiskarane må ha.

– Historisk har reglane kome raskt på. Det har vore ekstremt utfordrande for oss utstyrsleverandørar. Denne gongen hadde me god tid på oss, men så snur altså departementet kort tid etter at krava blei innført, seier Inge Salvesen i Ok Marine.

Statsråden har fått mange innspel

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) forstår reaksjonen til teineprodusentane.

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H).

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

– Det vil alltid vera ei viss usikkerheit når me utviklar nye fiskeri. Det er viktig at både styresmaktene, forsking og næringa drar saman slik at me kan få til ei god forvaltning ut frå best mogleg tilgjengeleg kunnskap, seier statsråden.

Han seier departementet har fått mange innspel om dei nye krava til teiner og ruser er for inngripande ut frå forskingsgrunnlaget.

– Derfor har eg vedteke å utsetja påbodet til januar 2022, seier Ingebrigtsen.

Sesongen for leppefiske er frå 17. juli til 20 oktober sør for Stad og frå 31. juli til 20. oktober nord for Stad.