Hopp til innhold

Tusenvis av utrykkingar grunna falske alarmar

Over halvparten ar brannutrykkingane til Brannvesenet Sør-Rogaland er grunna unødige alarmar. Hittil i år har dei rykka ut på nesten 2000 alarmar som viste seg å ikkje vera naudstilfelle.

Brannmann rykkjer ut til brann

HALVPARTEN ER UNØDVENDIG: Halvparten av gongene brannmannskapet kler seg opp til oppdrag, syner det seg at det berre er tekniske feil eller folk som har vore litt ivrige med steikepanna.

Foto: Mari Friestad / NRK

Jan Bryne

FRUSTRERT: Jan Bryne, seksjonsleiar for naudalarmsentralen hjå Brannvesenet Sør-Rogaland.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Det er frustrerande, seier Jan Bryne, seksjonsleiar for naudalarmsentralen hjå Brannvesenet Sør-Rogaland.

Dei siste ti åra har direktealarmane til brannvesenet blitt tre gonger fleire, frå 5663 i 2004 til 16.190 i fjor.

Så langt i år har dei hatt meir enn 3500 utrykkingar. Nesten 2000 av dei har ikkje vore naudsituasjonar.

Matlaging og tekniske feil

– Det har vore slik i mange år, og det er alt for mange unødvendige utrykkingar for oss, seier han.

Det er dei same årsakene som går att til at dei blir kalla ut dobbelt så ofte som det er behov for hjelp.

– Det mest vanlege er matlaging og støv, fukt og tekniske feil i detektorane, seier Bryne.

Brannutrykking i Stavanger

UTRYKKINGAR ER FARLEG I SEG SJØLV: – Det å køyra utrykking er ein fare i seg sjølv, seier John Birkedal.

Foto: Mari Friestad / NRK

«Ulv, ulv!»

Brannmann John Birkedal er ein av dei som ofte kastar seg i brannbilen og køyrer med blålys og sirener, for så å finna ut at det ikkje var noko som måtte sløkkjast eller nokon som måtte reddast.

John Birkedal

BRANNMANN: John Birkedal er brannkonstabel hjå Brannvesenet Sør-Rogaland.

Foto: Mari Friestad / NRK

– Det blir litt «ulv, ulv!». Det gjer litt med motivasjonen vår når me stadig vekk må rykkja ut til falske alarmar. Då kan me fort gå i den fella at me ein dag ikkje tek det på alvor. Då kan det bli veldig farleg, seier Birkedal.

Talet på bustader og bedrifter som har direktealarm til brannvesenet har auka med over 10.000 dei siste ti åra berre hjå Brannvesenet Sør-Rogaland. Ei god livsforsikring, men også ofte unødvendig ressurskrevjande, meiner seksjonsleiar Bryne.

– Om dei lagar mat i kantina er liknande når alarmen går, då får ikkje me tak i kundane og må rykka ut. Dei må halda detektorane ved like, seier seksjonsleiar Bryne.

– Det er prisen for å redda liv

– Skal du ha tidleg varsling for å redda liv, så er prisen å betala at det går litt fleire alarmar, seier direktør Terje Knag i NorAlarm.

Dei har nesten 13.000 kundar som har direktealarm til Brannvesenet Sør-Rogaland, og utviklinga har vore enorm sidan starten, ifølgje Knag.

– Utstyret er blitt veldig mykje betre, det blir sikkert endå betre i tida som kjem, og det vil sjølvsagt verka positivt på kor ofte brannvesenet må rykkja ut. Men me er i hyppige samtalar med brannvesenet om denne situasjonen slik at det blir minst mogleg bruk av ressursar på alarmar som ikkje er naudsituasjonar.

Han seier alle som utløyser ein alarm, utan at det er ein naudsituasjon, bør kontakta brannvesenet snarast.

– Me fortel alltid til kundane våre at om dei har utløyst ein direktealarm utan at det er eit naudstilfelle, så må dei ringa 110-sentralen med ein gong, seier han.

Brannvesenet Sør-Rogaland rykkjer ut
Foto: Mari Friestad / NRK