Angry Birds-figurar, tigrar og sjiraffar er berre eit lite knippe av alle variantar av kosebamsar, som blei kasta ut på isen i går under kampen mellom Stavanger Oilers og Storhamar Dragons.
– Det var heftig å vera på banen då bamsane blei kasta. Eg har berre sett det på TV tidlegare, men det var ei god kjensle då alle bamsane kom flygande, seier Martin Strandfeldt.
- Sjå TV sak: Alkoholservering på Oilers-kampane
Samla inn til Barnekreftforeningen
Bamsane kom etter Oilers sitt første mål, i kampen heimelaget til slutt tapte 3 – 1. Men bamsekastinga handla om viktigare ting enn idretten.
Som i Amerika, er poenget med «Teddy Bear Toss», eller «Bamsebonanza» som Oilers har kalla det, at alle bamsane i etterkant blir donerte vekk til ei god sak.
– Totalt kom det ein stad mellom to og tre tusen bamsar. Alle desse gjer me vekk til barn som kanskje ikkje har det så bra, og treng ein bamse, seier Strandfeldt.
Denne gongen er det Barnekreftforeningen, som skal få bamsane. Men Oilers satsar på at det skal bli ein tradisjon slik som i Amerika.
Tradisjonelt går «Teddy Bear Toss» av stabelen før jul, og tilskodarane blir oppfordra til å ta med kosebamsar til kampen. Desse blir kasta på isen etter heimelaget si første scoring, og så blir dei donert vidare til eit veldedig formål.
CANADA: Her er ein You Tube-video frå i fjor då det blei kasta 25.000 kosebamsar på to minutt i Calgary. Framleis eit stykke til ein når dette nivået i Oilershallen.
– Over all forventning
Strandfeldt blei i går overraska over at så mange i Stavanger-publikumet kasta seg på.
– Eg hadde ikkje trudd det ville koma meir enn rundt tusen bamsar, så dette overgjekk all forventing. Det var endåtil ein mann som hadde kjøpt eit eige sete til teddybjørnen sin, sidan den var så stor, seier han og ler.
Men neste år håper han likevel på endå fleire bamsar.
Sjølv om Oilers vann bamsefesten, tapte dei likevel kampen 3 – 1. Noko Strandfeldt sjølvsagt ikkje var like nøgd med.
– Det var ei stor skuffing, me gjorde ein veldig dårleg innsats. Storhamar spelte smartare enn oss, og vinn derfor kampen, seier han til slutt.
- Les òg: