Hopp til innhold

Tar storbyweekend heime i staden for utlandet

Fleire har i det siste bytta ut London eller Paris med langhelg i eigen heimby. Hotell i Stavanger måtte utsette julestenging for å ta i mot turistar frå eigen region

Direktør Monika Sandvold ved Victoria Hotel i Stavanger

Direktør Monika Sandvold ved Victoria Hotel i Stavanger blei overraska då ho måtte utsetje stenginga før jul på grunn av stor pågang frå lokale som vil bu på hotellet hennar.

Foto: Morten Nesvik / NRK

– Interessa for å få rom i helgane har vore overraskande stor. Sjølv etter at me måtte avslutta afternoon tea-opplegget vårt av omsyn til smittevern, så strøymer gjestene til hotellet i helgane.

Det fortel hotelldirektør Monika Sandvold ved Victoria Hotel som ligg ved Vågen i Stavanger.

– Vi skulle eigentleg lukka hotellet for jul på fredag 18. desember, men me hadde så mange bestillingar i helga at me valde å halda ope til over helga, fortel hotelldirektøren.

Det er først og fremst gjester frå regionen som bestiller rom i helgane. Vaksne par og venninnegjengar frå regionen som ikkje kan dra på storbyferie til Paris og London vel å ta ei helg i eigen heimby.

Veninner og par legg storbyferien til heimbyen


Eit steinkast frå Hotel Victoria ligg det vesle og eksklusive hotellet Eilert Smith. Det store trekkplasteret for hotellet med berre 12 rom, er ein to-stjerners Michelin-restaurant i første etasje.

– Det er veldig stille og roleg her i vekedagane, men i helgane er det livleg her, fortel kommunikasjonsansvarleg ved hotellet, Johanna Holmes.

Gry Hege Olsen-Hagen og Johanna Holmes i Eilert Smith Hotel har hatt mange gjester som bur i regionen på besøk i år.

Gry Hege Olsen-Hagen og Johanna Holmes har hatt mange gjester frå regionen buande på hotellet i det siste.

Foto: Morten Nesvik / NRK

– Folk er nok sveltefôra på opplevingar og å vera saman. Sjølv om vi ikkje akkurat er det billegaste hotellet i byen, så er det mange som ønsker å oppleva Stavanger på ein ny måte med å bu hos oss, seier Holmes.

Blant dei som overnatta på hotell i Stavanger i helga finn med paret Eline Trælnes Kristensen og Magnus Haugland Gudmestad frå Sandnes.

Dei hadde tatt den korte turen til Eilert Smith Hotel i Stavanger sentrum for å feira 35-års dagen til Magnus. «Staycation» eller «ferie heime»-opphaldet var ei overrasking frå Eline.

– Eg kjøpte gåva til min sambuar som fylte år i desember. 2020 har ikkje vore året for reising eller ekstraordinære opplevingar naturleg nok. Det var difor kjekt å kombinere bursdagsgåve med «ferie» i eigen by som ei felles oppleving på slutten av året.

Eline Trælnes Kristensen og Magnus Haugland Gudmestad

Eline Trælnes Kristensen og Magnus Haugland Gudmestad frå Sandnes feira Magnus si bursdag på hotell i Stavanger

Foto: Privat

– Kjekt med lokale gjester, men bergar på inga måte 2020

Få næringar har vore ramma hardare enn restaurant- og hotellbransjen. Ingen arrangerer større kurs og konferansar, og dei som tidlegare reiste med jobben sit no på heimekontor. Det tradisjonsrike Victoria Hotel opna i august etter å ha vore stengt på grunn av oppussing.

– Dette bergar på ingen måte 2020, det kjem framleis til å vera eit svært krevjande år for oss. Me har framleis mange som er permittert. men det hjelper veldig at befolkninga bruker oss no i desse tider, seier Monika Sandvold.

– Det å opna hotell midt i ein pandemi er elles ikkje noko eg vil anbefala!

No går hotellsjefen inn i det nye året med blikket retta framover, kvardagen skal tilbake til normalen.

Sandvold trur det held fram med avgrensa drift i oppstarten av det nye året, men håper at ein rundt påsketider kan vere attende til noko som liknar ei normal tilstand.