Hopp til innhold

Turid (61) får ikkje lesa offentlege brev

Den auka digitaliseringa av samfunnet skaper utfordringar for blinde og svaksynte, ifølge Blindeforbundet. Sterkt svaksynte Turid Tafjord (61) frå Stavanger må ha hjelp av venner og familie for å lesa brev frå Nav og Skatteetaten.

Turid Tafjord

Det er ikkje lett for sterkt svaksynte Turid Tafjord å komma seg på internett for å lesa brev frå det offentlege.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det er nesten umogleg. Og når du har halde på ein times tid, er du bra varm i toppen.

Turid Tafjord prøver å komma seg på internett på datamaskina si heime på Storhaug i Stavanger. Ei vanskeleg oppgåve når du er sterkt svaksynt og heilt avhengig av hjelpemiddel for å klara å lesa.

61-åringen blei medisinsk blind i februar i år og må venna seg til ein heilt ny kvardag. Det betyr også at ho sjølv må finna fram til elektroniske brev ho får frå for eksempel Nav eller Skatteetaten på eiga hand. Dei sender nemleg ikkje brev i posten, slik ho ønsker.

– Det er liksom ei stadfesting på at du er mislukka på ein eller annan måte. Kanskje det ikkje gjer så vondt om eitt år eller to, men nå gjer det vondt.

Det er liksom ei stadfesting på at du er mislukka på ein eller annan måte.

Turid Tafjord
Turid Tafjord

Turid Tafjord (61) ønskjer å få brev frå det offentlege i vanleg post, slik at ho kan lesa breva med enkle hjelpemiddel som dette lesebrettet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Mistar personvernet

Det kan også fort få konsekvensar for 61-åringen at ho slit med å få med seg viktige brev på nett. Ho saknar eit program på datamaskina som kan opna dokument i den digitale postkassa og Altinn, men aller helst vil ho få tilsendt brev på gamlemåten i posten.

– Dersom det er vedtak som går på økonomi eller hjelpemiddel, går klagefristane ut før eg får sett breva. Og når eg må ha hjelp av andre, mistar eg personvernet mitt, sukkar Tafjord.

Om lag 180.000 nordmenn har så svekka syn at dei blir rekna som synshemma, og meir enn 1000 nordmenn er heilt blinde, ifølge Norges Blindeforbund. Generalsekretær Arnt Holte seier den auka digitaliseringa av samfunnet skaper utfordringar for denne gruppa.

Arnt holte i blindeforbundet med hund

Generalsekretær Arnt Holte i Norges Blindeforbund.

Foto: Sahand Ammari / NRK

– Stadig vekk får ein beskjed om at brev ikkje blir levert på vanleg måte med posten. Det kan for eksempel vera brev frå Nav, pensjonsopplysningar og veldig personleg informasjon ein ikkje får tilgang til.

Generalsekretæren krev nå at informasjonen frå det offentlege kjem i format som er lesbare for blinde og svaksynte, som word-dokument.

– Og så må det bli gitt opplæring til blinde og svaksynte i bruk av elektroniske hjelpemiddel. Det skortar det veldig mykje på i dag.

Offentlege verksemder blir følgd opp

Statssekretær Paul Chaffey

Statssekretær for digitalisering i Kommunal- og moderniseringsminister, Paul Chaffey.

Foto: Henrik Bøe / NRK

Det er Stortinget som har bestemt at offentlege etatar som hovudregel skal kommunisera med innbyggarane digitalt. Statssekretær for digitalisering i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Paul Chaffey (H), vil ikkje skulda på dei tekniske løysingane.

– Eg trur dei tekniske løysingane er på plass, både den digitale postkassa og andre nettstader. Men nokre plassar kan det handla om for dårleg kunnskap om regelverket og korleis ein utformar nettstader slik at blinde og svaksynte å få tilgang til informasjonen.

Statssekretæren lovar at alle offentlege verksemder blir følgd opp for å sikra at brev er tilgjengelege for alle.