Jan Erik Søndeland ville inn i bystyret i Stavanger for partiet Venstre. Men ein fjerdeplass på lista var ingen sikker plass. Derfor gjekk han på husbesøk med sin eigen valbrosjyre i tillegg til partiet sin.
Han laga også sin eigen valkampfilm som han la ut på internett i valkampen. Og all innsatsen gav resultat. Han fekk så mange personstemmer at bystyreplassen blei sikra, med god margin.
Dette er eit eksempel på at politikaren viser betre igjen for mange veljarar enn partiet, og dette fokuset på det individuelle kan det også sjå ut som veljarane i Stavanger har tatt opp i seg.
- LES OGSÅ:
40 prosent fleire kryss
Sekretær i valstyret i Stavanger, Jarl Harry Gjedrem.
Foto: Kees Fjellvang / NRKFor talet på kryss framføre namnet til politikarar på stemmesetlane, for å gi dei personstemmer, har auka kraftig. Det same gjeld såkalla slengjarar, der veljarane har stemt på eitt parti, men har gitt ein «slengjar» til ein politikar frå eit anna parti i tillegg.
– Dette med personval har tydelegvis engasjert fleire veljarar denne gongen. Talet på slengjarar denne gongen er ein god del større enn ved valet for fire år sidan, seier sekretær i valstyret i Stavanger, Jarl Harry Gjedrem.
- LES OGSÅ:
Han fortel at det var om lag 10.000 slengarar ved førre lokalval. Ved valet i haust var det 12.500. Det betyr ein auke på om lag 25 prosent.
Valstyret i Stavanger har ikkje nøyaktige tal når det gjeld kryss framføre namn. Men ifølge Gjedrem er det snakk om ein auka i talet på kryss på 40 prosent denne gongen samanlikna med for fire år sidan.
– Kan dette ha noko med at politikarane går ut på sosiale medium og seier at dei treng kryss?
– Det kan godt vera ei årsak til at fleire gjer det på denne måten. Kanskje blir det auka konkurranse på sosiale medium om merksemda til folk, seier Gjedrem.
Same tendens i Sandnes
Den same tendensen med meir retting av stemmesetlane kan også valansvarleg i Sandnes kommune, Trine Bolstad, fortelje om. Sjølv om ho ennå ikkje har gått igjennom alle røystesetlar for å koma fram til eit eksakt tal.
Ved stortingsvalet om to år kan det bli mogeleg å gi personstemmer også til stortingskandidatane. Kommunaldepartementet foreslår det i eit høyringsutkast som nå er sendt ut.
VIDEO (arkiv, 27.08.15): Jan Erik Søndeland i aksjon under valkampen.