Hopp til innhold

Trur Søderberg-anlegget får leva

Hydro treng dispensasjonar frå utsleppskrava til SFT, viss ikkje må dei legge ned i 2008. Det trur både Alnor kjemiske fagforeining og Karmøy-ordføraren at dei får.

Hydro Aluminum Karmøy
Foto: NRK

Fagforeiningsleiar Sten Roar Martinsen meiner likevel at leiinga i Hydro bør bli flinkare til å flagge at dei vurderer eit nytt aluminiumsanlegg på Karmøy når Søderberg-anlegget blir lagt ned i 2010.

Må bli flinkare til å flagge det nye aluminiumsanlegget

- Hydro ville nok hatt ei mykje betre sak dersom dei parallelt med søknaden til SFT hadde vist at dei skal utreda eit erstatningsprosjekt i samband med kapasiteten som skal tas ut, seier Martinsen.

Nå forventar Martinsen at regjeringa vil sørge for konkurransedyktige kraftprisar slik at Hydro Aluminum kan satsa vidare på eit nytt aluminiumsanlegg med ny teknologi på Karmøy.

- Næringsministeren lova billeg kraft

- Næringsministeren var på besøk på Karmøy i februar og lova å koma opp med eit kraftsystem som kan tilby Karmøy kraft til konkurransedyktige prisar, fortel Martinsen.

Karmøyordførar Kjell Arvid Svendsen seier han blir svært overraska dersom Hydro ikkje får dispensasjon i tre år frå dei nye forureiningskrava som SFT skal innføra i 2007. Han lovar å ta saka vidare dersom dette skjer.

Trur det blir gitt dispensasjon

- Dei signala som blei gitt i samband med forlenginga av krav på Årdal og i Høyanger, tilseier at SFT ikkje kjem til å stoppa anlegget på Karmøy i 2007.

- Me tek dette vidare til politikarane på Stortinget og i regjeringa dersom dette blir oversett, seier Svendsen.