NRK Meny
Normal

Trur Preikestolen får god plass i «Mission Impossible 6»

Fleire filmekspertar trur opptaka frå Preikestolen vil resultera i fleire minutt i den nye Mission Impossible-filmen. Scena er viktig og vil få stor plass, meiner det norske produksjonsselskapet.

Tom Cruise på toppen av en klippe med filmteam bak seg

7. til 9. november er Tom Cruise på Preikestolen for å spela inn scenar til «Mission Impossible 6». Bilete er frå ei tidlegare filminnspeling med Tom Cruise.

Foto: Universal

– Dette er ein spektakulær location, og ein dreg ikkje halve jorda rundt for å filma der dersom ein ikkje har tenkt å via det plass, meiner Per Henry Borch i produksjonsselskapet Truenorth Norway.

Selskapet er den norske tilretteleggaren når amerikanske Paramount og Tom Cruise kjem til Preikestolen for å spela inn delar av «Mission Impossible 6».

Opptaka skjer 7. til 9. november, og då skal Cruise klatra dei siste stupbratte metrane opp til Preikestolen.

– Vil få stor plass

Filminga på Preikestolen skulle eigentleg skjedd i september, men ein skade gjorde at Tom Cruise måtte utsetja innspelinga til november. Eit bevis på at Preikestolen-scena er viktig, meiner Borch.

– Filmselskapet strekkjer seg langt når dei kjem tilbake i november, når me veit kva Vestlandet kan by på av vêr og vind på denne tida av året. Dette viser at scena er veldig viktig, og vil få stor plass, slik eg tolkar det.

Borch synst det er vanskeleg å spå kor mange minutt det blir frå det verdskjente fjellplatået i Lysefjorden, men er likevel rimeleg sikker på at det er snakk om fleire minutt.

– Dei kjem sikkert til å klippa dette saman med anna materiell, slik at scena opplevast lenger når den er ferdig.

Tom Cruise i rollen som Ethan Hunt friklatrer i Grand Canyon i Mission: Impossible 2.

I Mission Impossible 2 friklatrar Tom Cruise som Ethan Hunt. Filmjournalist Vegard Larsen i NRK trur Preikestolen-scena kan fungera på liknande vis som opningssekvens i den nye MI-filmen.

Foto: United International Pictures

Spår opningsscene

Vegard Larsen

Filmjournalist i NRK, Vegard Larsen.

Foto: Karen Sveen / NRK

Filmjournalist i NRK, Vegard Larsen, tippar scena frå Preikestolen skal brukast til opningssekvensen. Han viser til opninga av MI2, kor hovudrolleinnehavar Ethan Hunt (spelt av Tom Cruise) klatrar i Dead Horse State Park og Monument Valley ved Moab i Utah i USA.

– Preikestolen-scena kan fungera på liknande vis. Opningssekvensen i MI2 er på om lag 2,5 minutt. Tre dagar med filming på Preikestolen utgjer nok to-tre minutt i den nye filmen.

Uansett kva scena frå Preikestolen blir brukt til, trur ikkje Larsen sekvensen blir meir enn to til fire minutt i filmen.

Her ser du opningsscena frå James Bond-filmen «The Spy Who Loved Me» frå 1977.

Spår nokre minutt

VGs anmelder Jon Selås

Jon Selås har 30 års fartstid som filmmeldar for VG.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Jon Selås, med 30 års fartstid som filmmeldar for VG, er heilt trygg på at opptaka frå Preikestolen blir brukt når filmprodusenten legg så store ressursar i opptaka.

– Men slik eg kjenner desse filmane og amerikansk mentalitet, bruker dei det dei treng for filmen og ikkje meir, seier den nå pensjonerte filmmeldaren.

Selås viser til James Bond-filmen «The Spy Who Loved Me» frå 1977. Opningsscena på fire minutt med Roger Moore på ski hadde den gong eit større budsjett enn heile det norske filmbudsjettet det året, ifølge den erfarne filmkjennaren.

– Eg trur det er rimeleg at det blir nokre minutt frå Preikestolen i den nye MI-filmen. Ikkje så mykje som ti, men kanskje fire. Det er heilt avhengig av dramaturgien. Uansett blir det veldig spektakulært og proft.