– Me er i ein veldig vanskeleg situasjon, men eg håpar og trur det politiske fleirtalet på Stortinget framleis støttar oss og gir oss ei berekraftig framtid, seier Bertram Trane Skadsem.
Det er ei roleg tid inne i pelsdyrhuset til pelsdyroppdrettaren på Voll på Jæren. Men heile næringa er hardt pressa, og denne veka blei det kjent at Norges Pelsdyralslag ekskluderer fire produsentar frå laget, tre av dei frå Rogaland, etter kritikkverdig drift.
I praksis betyr det kroken på døra for drifta til desse fire, ifølge Skadsem.
– Viser at me vil ta grep
Venstre fekk ikkje fleirtal i Stortinget tidlegare denne månaden for forslaget om å forby pelsdyroppdrett frå 2017. Men ei stortingsmelding neste år skal blant anna greia ut konsekvensane av ei avvikling av pelsdyrnæringa.
Skadsem trur ekskluderingane denne veka kan påverka stortingspolitikarar som ikkje har bestemt seg i pelsdyrsaka.
– Ekskluderingane viser at me er villige til å ta nødvendige grep. Dette er enkelttilfelle, sjølv om andre vil meina noko anna.
Skeptisk
Stortingsrepresentant Tina Bru frå Høgre er blant dei som ikkje har bestemt seg i pelssaka.
Men enkeltsaker, som dei fire ekskluderingane, påverkar ikkje hennar standpunkt. Tidlegare har ho sagt at ho heller mot eit nei.
– Eg er opptatt av at Stortinget skal ha ein grundig prosess, noko næringa fortener. Min skepsis handlar om at eg er usikker på om næringa er i samsvar med god dyrevelferd. Det er det eg skal bestemma meg for.
Ikkje i tvil
Venstre er blant partia som har markert sterkast motstand mot pelsdyrnæringa. Iselin Nybø seier partiet ikkje lar seg påverka av at pelsdyralslaget nå tar grep og ekskluderer fleire medlemmer.
– Venstre er imot pelsdyroppdrett fordi med er imot å ha ville dyr i bur. I tillegg viser saker som dette at bransjen har store utfordringar og at alle ikkje driv forsvarleg.
- LES OGSÅ: Pelsdyrnæringa slit med rekrutteringa
Men Skadsem i Pelsdyralslaget lar seg ikkje knekka av meiningsmotstandarane.
– Dei som har bestemt seg har nok problem med å snu. Men me er villige til å gå i forhandlingar med politikarar for å gjera nødvendige endringar for at næringa skal leva vidare. Eg meiner uansett bestemt av norsk pelsdyrnæring er bra for landet.