Hopp til innhold

Trur på nasjonalpark med Nye Sandnes

Naturvernforbundet meiner det nesten er umogleg å få etablert nasjonalparkar i Rogaland på grunn av den lokale motstanden. Dagleg leiar Erik Thoring har likevel eit håp med Nye Sandnes.

Erik Thoring

Dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland, Erik Thoring, meiner det er oppsiktsvekkande at rogalandskommunane ikkje ser fordelane med nasjonalparkar.

Foto: Kees Fjellvang

– Heile Frafjordheiane burde for lengst ha vore ein nasjonalpark. Området tilfredsstiller alle kriterium for ein nasjonalpark, er den klåre meldinga frå Thoring.

Han støttar med det forslaget om ein «turisme»-nasjonalpark ved Kjerag i Forsand. «Turisme»-nasjonalparken blir peika på som ein av tre moglege nasjonalparkar av verneområdestyret for verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (sjå faktaboks).

Verneområdestyret ber nå kommunane avklara kva dei meiner. Thoring er klar over at det er sterk lokal motstand mot nasjonalparkar i Rogaland.

– Det gjer at eg eigentleg ser veldig lite lyst på sjansane til å få ein nasjonalpark i Rogaland.

– Er det umogleg å få til?

– Ja, slik situasjonen er nå, er det nok bortimot umogleg.

Skepsis i Forsand

Alt i 2008 tok Naturvernforbundet i Rogaland opp spørsmålet om å gjera Preikestol-området til nasjonalpark. Den gong sa Strand kommune ja, medan Forsand og Hjelmeland sa nei.

Heller ikkje i dag trur Forsand-ordførar Bjarte Dagestad (H) det er politisk fleirtal i Forsand for ein nasjonalpark.

– Me meinte den gong at områda er godt nok regulerte frå før og at lokal styring fungerer godt.

Men nå som det er klart at det er fleirtal på Stortinget for å slå saman kommunane Sandnes og Forsand, har Thoring tru på at stemninga kan snu.

– Då er det jo ein bykommune som skal administrera dei store utmarksareala i Forsand. Eg trur dette aukar sjansane betydeleg for ein nasjonalpark i Preikestol-området, seier Thoring, som også hevdar byfolk tradisjonelt er meir opptatt av vern enn bygdefolk.

dkro_nasjonalparker

På linje med Forsand

Men Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) går ikkje imot lokalpolitikarane i Forsand, som altså er skeptiske til å etablera nasjonalpark.

– Per nå er eg på linje med kommunestyret i Forsand. Me må i alle fall ikkje hemma næringsutviklinga i området, kommenterer Wirak.

Stanley Wirak

Sandnes-ordførar Stanley Wirak.

Foto: ODD RUNE KYLLINGSTAD / NRK

For Lysefjorden utvikling er det viktig at den store turisttrafikken til Kjerag kan halda fram, sjølv med status som nasjonalpark.

– Ein nasjonalpark gir auka status og det er fordelar med det. Men foreløpig veit me lite om kva ei endring av verneform vil innebera, derfor er det vanskeleg å konkludera, seier dagleg leiar i Lysefjorden utvikling, Audun Rake.

– Toler å bli nasjonalpark

Thoring viser til andre kommunar i landet som han meiner har hatt suksess med nasjonalparkar. Han meiner det er oppsiktsvekkande at rogalandskommunane ikkje ser dette.

– Me veit det er stor trafikk til Kjerag-området. Men dette området toler ganske mykje utan at det skader natur- eller dyremangfaldet vesentleg.