NRK Meny

TRUR HAN VAR ÅLEINE OM DRAPET:

Politiet mistenker ikkje at ektemannen i Forsand, som er sikta for drap på kona si Agnes Elisabeth Müller, hadde hjelp av andre til å utføra handlingane. Det seier politiinspektør i Rogaland politidistrikt, Kristin Nord-Varhaug, til NRK. I morgon skal mannen avhøyrast på ny, og det er venta meir konfronterande avhøyr for å kartlegga motivet hans.