Hopp til innhold

Trur han kunne blitt like god som Northug

Henrik Ingebrigtsen (23) var ein lovande langrennsløpar i yngre alder og vann junior NM som 17-åring. Har landet gått glipp av ei minst like stor skistjerne som Petter Northug?

Portrett av Henrik Ingebrigtsen.

VIDEO: Henrik Ingebrigtsen måtte velja mellom ski og friidrett i tenåra. I denne videoen fortel Henrik om livet som landets største friidrettsstjerne.

Me skrur tida tilbake til 23. februar 2008. Henrik Ingebrigtsen har akkurat blitt 17 år og stiller til startstreken i junior NM i 10 km fristil på Storås langrennsarena i Stokke.

I lufta er det ti plussgrader. På bakken er det ikkje noko snø, bortsett frå i skiløypa.

Henrik er ikkje i seeda gruppe. Løpet dagen før gjekk for dårleg til at han er det. 17-åringen er på ingen måte blant favorittane.

Han har også kasta opp i bilen på veg til Storås langrennsarena denne dagen. Lite tyder på at dette kjem til å bli ein særleg betre dag enn den forrige.

Men under løpet kjenner Henrik at alt berre fungerer optimalt.

– Eg hugsar eg dunka på alt eg kunne og at eg hadde veldig bra driv heile vegen. Teknikken sat også for første gong i ein konkurranse, minnest Henrik.

Den då ukjente tenåringen imponerer alle på skistadion og blir junior NM-meister.

Ingen tok kontakt

Eg har kanskje høge tankar om meg sjølv, men eg trur eg kunne hevda meg heilt oppe i verdstoppen i langrenn. Det er eg ikkje i tvil om eit sekund.

Henrik Ingebrigtsen

Men 17-åringen frå Sandnes blir ikkje kontakta av Skiforbundet eller nokon andre som vil at han skal satsa på ski. Derfor vel han heller friidrett.

– Det er mykje meir målbart. Og er det er større å vera best i verda i friidrett enn langrenn, seier Henrik i dag.

– Kunne du blitt like god i skisporet som Petter Northug og co.?

Eg har kanskje høge tankar om meg sjølv, men eg trur eg kunne hevda meg heilt oppe i verdstoppen i langrenn. Det er eg ikkje i tvil om eit sekund. Sjansane for å hevda seg i toppen i langrenn er også statistisk sett utruleg mykje større enn i friidrett.

Henrik fortel også at han var i toppen i langrenn i Norge utan å trena 100 prosent. At han stilte til start i sine første norgescuprenn med berre eit par vekers trening på rulleski som ballast.

– Eg kunne nok har gjort ting annleis som hadde vore til fordel for ei langrennskarriere. Men det gjorde eg altså ikkje.

I dag nøyer han seg med rulleski på beina. Ski med hjul er nemleg ei treningsform han trivst godt med. Forholda for slik trening er også gode i heimbyen Sandnes, meiner friidrettsstjerna.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet).

Motorsykkelsertifikat

Henrik Ingebrigtsen er ti minutt for seint ute til køyretimen hos Lode trafikkskole i Sandnes sentrum. Heilt sidan han var elleve år har han gleda seg til å få motorsykkelsertifikat. Nå spring han over vegen for å få mest mogleg ut av det som er igjen av dobbelttimen i haustsola i heimbyen.

Henrik er rakrygga, fleipete i tonen, og sjølvsikker som alltid.

– Det er ikkje nødvendigvis farten eg er fascinert over. Det er meir den fridomen du har på motorsykkel, og som du ikkje har med bil. Det er ikkje om å gjera å kasta meg på motorvegen første dag eg har lappen og sjå kor fort sykkelen går.

Køyrelæraren er kledd i MC-klede frå topp til tå og står med hjelmen i handa. Han fortel om ein mønsterelev. Henrik tek ting fort, og det vil ikkje gå lang tid før friidrettsstjerna har motorsykkellappen i lomma, ifølge køyrelæraren.

Det er noko spesielt med familien Ingebrigtsen, fortel MC-læraren. Dei set seg mål, og klarer det; anten det er på friidrettsbana eller i trafikken.

Dersom Henrik ikkje hadde satsa skikkeleg på idrett, men heller vald ei meir tradisjonell karriereretning, hadde han fort sett seg like høge mål.

– Eg hadde nok sett meg andre mål, for eksempel innan studiar. Eg ville blitt dyktig i det eg valde. Og dersom storebror min hadde begynt med sykling i staden for friidrett, kan det henda eg hadde blitt syklist, seier han.

– Presset rundt kan vera stressande

Far min har hatt alt å seia for min karriere. Det er han som har gjort at eg er så mentalt sterk.

Henrik Ingebrigtsen

Livet til Henrik Ingebrigtsen har endra seg stort dei siste åra. Han har segla opp som Norges største friidrettsstjerne og er gått frå å vera ein outsider til å vera blant favorittane når han stiller på startstreken på 1500-meter i internasjonale løp.

I EM i Zürich i august blei det «berre» sølv etter eit dramatisk løp med fleire fall. Etter gullet i Helsinki-EM i 2012, er det nok mange som helst skulle sett at nordmannen stod øvst på sigerspallen.

– Presset frå media og folk rundt meg kan vera stressande, men det som gjer at eg har kontroll er at eg har større forventningar til meg sjølv. Eg kunne også snakka ned mine eigne mål, men då hadde eg ikkje snakka sant. Eg går tøft ut og seier at målet er gull, og eg blir ikkje fornøgd utan medalje.

Den doble køyretimen er over og Henrik er heime i sin eitt år gamle leilegheit i det splitter nye bustadfeltet på Bogafjell i Sandnes. Her bur 23-åringen med sin to år yngre bror og treningskamerat Filip.

Ifølge broren er Henrik eit skippertaksmenneske når det gjeld huslege gjeremål som vasking og rydding – elles er han ein fin kar å bu med. At begge satsar på mellomdistanseløp, passar også bra.

Men Filip er langt frå Henrik sin einaste bror. Totalt er dei seks brør og ei søster. Tre av dei satsar seriøst på friidrett (yngstebror er berre 11 månader).

Med far Gjert som trenar har det vore ein aktiv og uvanleg oppvekst for Ingebrigtsen-søskena. Henrik fortel at faren filma sønene sine då dei var små. Mens kameraet gjekk måtte dei fortelja kva måla var. Etterpå kunne dei sjå på opptaka og finna ut om dei klarte å oppnå det dei hadde sett seg føre.

– Far min har hatt alt å seia for min karriere. Det er han som har gjort at eg er så mentalt sterk, seier Henrik.

Han trur familien Ingebrigtsen står fram som meir ekstreme utanfrå enn innanfrå. Målbevisste og stor takhøgde er ord Henrik bruker for å skildra familien sin. Og dei tar gjerne ein diskusjon om dei må.

– Me har knekt koden for kva me må gjera for å bli best mogleg. Det er ikkje sikkert det ville fungert for andre, men det fungerer for oss.

(Artikkelen held fram under biletet).

Henrik Ingebrigtsen

Henrik Ingebrigtsen hadde nyleg køyretime på Forus. Nå har han klart å ta MC-sertifikatet.

Foto: Eirik Gjesdal

Føler seg ikkje pressa av far

Første gong Henrik sprang 800-meter, var han ti år gammal. Det skjedde på Klepp stadion. Henrik visste den gong lite om korleis han skulle gjennomføra eit slikt løp. Kor hardt skulle han opna? Korleis skulle han disponera kreftene?

– Då sa far min at eg skulle springa alt eg kunne første runden, og at eg skulle auka på i andre runden. Du må vera rette typen då for at det faktisk skal fungera, seier Henrik.

– Du føler ikkje du har blitt pressa til å satsa på friidrett?

– Det har vore dagar der eg har slite med å komma ut på trening, og då har far min gitt meg eit lite spark bak og fått meg ut døra. Men det er fordi han hjelper meg med å nå mine mål. Dersom eg ville slutta med friidrett då eg var 12–13 år, kunne eg gjort det. Men det ville eg altså ikkje, seier Ingebrigtsen.

2012 blei Henrik sitt store gjennombrotsår med gull på 1500-meteren i EM i Helsingfors. Det som skjedde kom ikkje som noko sjokk på det unge friidrettstalentet.

– Eg hadde ein veldig bra vinter med trening og ein veldig bra vår. Eg sesongdebuterte med noregsrekord, og så balla det eigentleg berre på seg. Det var dette eg trente for, og det var så god eg ville bli. Det kjennest godt å nå måla sine.

Det var ingen som brydde seg om den unge karen frå Sandnes i feltet. Året blei lærerikt for Henrik.

– Nå konkurrerer eg på ein heilt annan måte, og kjem ikkje unna med like mykje som eg gjorde den gongen. 2012 viste meg at dersom du legg ned alt arbeidet som skal til og gjer dei rette tinga, kan du nå ganske langt.

Kan bli dritlei

Eg blir dritlei av treningsarbeidet mange gonger. At det første eg gjer når eg står opp er å ta på skoa og ta til på treninga. Men med ein gong eg startar klokka er alle dei tankane borte.

Henrik Ingebrigtsen

Årets sesong er for lengst over for Henrik. Det betyr tid til andre ting. Som å sikra seg ei fyldig samling med gamle LP-plater via nettet for eksempel

Hylla i tv-benken er fylt med mange klassiske rockeband frå 80-talet; AC/DC og Queen blant anna.

– Det er mykje streaming av musikk i dag. Med desse platene må ein aktivt høyra på musikk. Det er fint, meiner 23-åringen.

Musikk og avslapping og litt alternativ trening. Så er vintertreninga i gang for fullt med to økter om dagen.

– Blir du lei friidrett nokon gong?

Eg blir dritlei av treningsarbeidet mange gonger. At det første eg gjer når eg står opp er å ta på skoa og ta til på treninga. Men med ein gong eg startar klokka er alle dei tankane borte. Av og til tenker eg at det kunne vore hærleg å berre levd eit normalt liv, men ikkje når eg står på startstreken i OL. Eg elskar konkurransar.

Henrik Ingebrigtsen er foreløpig ikkje blitt styrtrik på løpesuksessen. Etter EM i sommar var lønna på om lag ein halv million kroner brukt opp, og Sandnes-mannen håpa på fleire sponsorar.

I oktober blei han einig med friidrettsforbundet om ein avtale som gjer han til den best betalte utøvaren, og frontfiguren på landslaget dei neste to åra.

– Eg synst det er rett at den beste utøvaren har den beste avtalen. Hadde eg ikkje vore best, hadde eg heller ikkje forventa dei beste vilkåra, seier Henrik, som ikkje vil gå i detaljar om kontrakten.

Bart og whiskysamling

Henrik har heile livet budd i Sandnes, ein av dei raskast veksande byane i landet dei siste åra. Ein fin plass å bu, meiner Henrik, som set pris på at Stavanger-regionen er av dei snøfattige områda i landet om vinteren.

– Treningsmessig er det heilt perfekt å bu i Sandnes vinterstid. Du slepp å reisa så mykje for å komma vekk frå snøen. Eg berre smiler til løpekompisane mine i Oslo som må springa alle øktene sine innandørs, mens eg kan springa utandørs i åtte-ti grader midt i januar.

Det blir mange reisedøgn for Henrik i løpet av eitt år. Og mykje tid på ulike flyplassar. Då kan det vera fint å ha noko spanande å slå i hel tida med. For Henrik har det blitt kjekt å sjå på whiskyflasker – og gjerne handla med seg nokre flasker.

På ei hylle i leilegheita står fleire synlege bevis på at han gjer nettopp dette.

– Det er kult å samla litt. Men eg drikk nesten aldri alkohol, i alle fall ikkje whisky. Men då er det lett å fylla opp hylla. Hadde det vore forbruksvare, hadde det nesten vore umogleg å samla.

– Kva type er den gjævaste du har?

– Det er ein skotsk whisky, Chivas Regal. Det er den dyraste eg har.

Henrik er ikkje redd for å stikka seg fram, og bryr seg lite om norsk jantelov. Han stiller gjerne på startstreken med bart eller ein frisk frisyre.

– Skal du gjera det bra internasjonalt som nordmann i friidrett, må du skilja deg litt ut. Det kan vera det som gjer at eg kanskje overdriv det med å vera unorsk.

– Så du er opptatt av å vera unorsk i stilen?

– Eg er ikkje veldig opptatt av å ha bart eller kva det måtte vera. Men det å skilja seg ut er ikkje nødvendigvis ein dårleg ting.

(Artikkelen held fram under biletet).

Fall på 1500

Det blei knall og fall i finalen på 1500 meteren i EM i Zürich i august 2014. Henrik slapp unna skrekken og kom i mål som nummer to.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

OL i Rio det store målet

Norsk friidrett skuffa i EM i sommar, berre 15 av 18 norske utøvarar gjekk vidare frå innleiande kvalifiseringsrundar.

Ifølge Henrik er det mykje potensial i norsk friidrett utan at det slår ut i full blomst. Han skulle gjerne opplevd ei ny stordomstid, slik som på 90-talet.

– Dei siste åra er tendensen at folk som er godt trente sviktar litt under dei viktige konkurransane. Det betyr at det me har fått til i konkurransar og meisterskap ikkje er heilt representativt for nivået på dei beste. Men det er langt mellom dei beste og nest beste.

Sjølv seier Henrik at han kan halda fram med karrieren til han er godt opp i 30-åra.

Men måla nå er først og fremst VM i Beijing neste år og ikkje minst sommar OL i Rio i 2016.

– Eg har lyst å ta medaljar i begge dei to meisterskapa, og eg er god nok til å få det til. Men eg må kanskje jobba litt med fart og styrke for å klara det, seier han sjølvsikkert.

– Korleis skal du trena framover for å oppnå større fart?

– Det er ikkje slik at eg går på trening og spring 60-meteren for å bli hurtigare. Eg går på trening og spring 12 gonger 1000 meter. Det er når du trenar opp kondisjonen at hurtigheita kjem, forklarer 23-åringen frå Sandnes.

Men før både VM og OL kan Henrik kryssa av for å ha oppnådd eit mål som gir langt større fart enn på friidrettsbana.

Motorsykkellappen er i lomma og motorsykkelen er alt handla, ein Kawasaki EN 500.

Du skal ikkje sjå vekk frå at norges største friidretsstjerne i denne stund set på sin japanske sykkel og drøymer om Copacabana og OL i Brasil.