Trur fleire vil få tilbud om læreplass til hausten

I fjor bidrog oljenedturen til at 440 elevar stod utan læreplass i Rogaland. Det talet vil bli mykje lågare i år, trur fleire av opplæringskontora i fylket.

Elever offshore
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– I år har det gått mykje betre enn i fjor. Det ser ut til at me greier å skaffa læreplass til dei elevane som går på VG2 brønnteknikk, seier dagleg leiar ved opplæringskontoret for oljerelaterte fag, Hanne Grethe Kvamsø.

Rundt 90 elevar kjem ut frå VG2 brønnteknikk på landsbasis no i år, og opplæringskontoret har alt skaffa 81 læreplassar.

Hanne Grethe Kvamsø

Hanne Grethe Kvamsø har trua på at dei fleste elevane på brønnteknikk kan få læreplass til hausten.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Det talet kan framleis stiga, så dei som er kvalifiserte vil få læreplass, seier Kvamsø.

Ho gir ein høgare oljepris æra for ein større optimisme ute blant bedriftene enn det det var i fjor. I tillegg har også talet på elevar gått ned.

– I fjor var det veldig mange som ikkje fekk læreplass. Me hadde 45 læreplassar til 160 elevar. Avviket var enormt, og difor blei det også oppretta VG3-klassar.

Færre VG3-klassar til hausten

Totalt stod 440 elevar i Rogaland utan læreplass i fjor. 15 VG3-klassar blei oppretta for å gi elevane ein alternativ veg til fagbrev. Men behovet for slike klassar vil truleg bli mykje mindre til hausten.

Cathrine Utne Pettersen

Seksjonssjef for fag- og yrkesopplæring, Cathrine Utne Pettersen er glad for at fleire kan få læreplass til hausten.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Både på bygg-, industri- og røyrleggarfaget melder opplæringskontora at dei merkar ein større vilje til å ta imot lærlingar ute blant bedriftene enn i fjor.

– Me må nok oppretta nokre klassar, men ikkje i det volumet som me har hatt i løpet av dette skuleåret, seier seksjonssjef for fag- og yrkesopplæring, Cathrine Utne-Pettersen.

– Bedriftene har fått fleire oppdrag, og i det dei får meir arbeid så ser dei også at dei kan ta inn fleire lærlingar, meiner ho er årsaka til at det no ser lysare ut.

Elektro er unntaket

Men det er eitt fag som skil seg ut, elektrofaget. Det er godt over 300 elevar som går VG2 elektro i Rogaland i dag, og opplæringskontoret for elektrofag trur ikkje dei vil greia å skaffa læreplassar til alle desse.

– Før måtte ei bedrift kjempa om fire eller fem elevar, no er det snudd på hovudet, fem elevar kjempar gjerne om læreplass ved ei bedrift. Så det blir ein kamp, seier dagleg leiar ved opplæringskontoret for elektrofag, Kjetil Larsen.

I 2012 fekk 320 elevar på elektrofag læreplass, i 2016 var talet 140. Heile fem VG3 klassar med om lag 90 elevar blei oppretta.

Kjetil Larsen

Dagleg leiar ved opplæringskontoret for elektrofag er uroa for at mange vil stå utan læreplass.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Larsen trur ein må rekna med at rundt 100 elektroelevar vil stå utan læreplass også i åra som kjem.

– Det me seier til elevane er at dei må stå på, og senda inn gode søknadar, men dei må ha ein plan B, ein plan C, og kanskje også ein plan D.

– Det er marknaden og behovet som styrer, og bransjen har gitt signal over tid om at marknaden er dekka. Me har gått ned på talet klassar, og me kjem nok til å redusera yttarlegare no neste skuleår, seier Utne-Pettersen.

Fristen for å søka om læreplass går ut 1. mars, og så langt har over 2000 søkt berre i Rogaland.