NRK Meny
Normal

Truleg ja til 355 kroner i bompengar

Ap får truleg med seg Høgre, KrF og Senterpartiet, og det sikrar fleirtal i dagens bompengestrid om Rogfast. Det kan bety høge bompengetakstar, dersom ikkje staten kjem meir på bana.

Rogfast, Arsvågen

– Dersom ikkje politikarane ikkje vedtar finansieringsplanen for Rogfast nå, stoppar prosjektet opp, meiner Simon Nesse (Ap).

Foto: Statens Vegvesen / NRK

– Eg trur me kan finna saman med Høgre, KrF og Senterpartiet, slik me har gjort tidlegare. Slik kan me koma fram til ei ansvarleg løysing som ikkje hindrar framdrifta i Rogfast-prosjektet, seier Simon Nesse (Ap).

Tysdag er det ekstraordinært møte i fylkesutvalet der politikarane skal landa striden om bompengar og finansieringa av gigantprosjektet Rogfast.

I møte i fylkestinget 9. juni fekk fylkesutvalet fullmakt til å fatta endeleg vedtak i saka.

355 kroner i bompengar

Simon Nesse

Simon Nesse, Ap.

Dersom det blir fleirtal for finansieringsplanen, betyr det i så fall bompengetakstar på 355 kroner utan rabatt i 20 år for å køyra gjennom Rogfast for personbilar.

Ap-politikaren har ikkje tru på løfta frå statsråd Solvik-Olsen, som meiner regjeringa si bompengereform kan kutta Rogfast-taksten ned til om lag 200 kroner.

Nesse, som ikkje fekk løfter om meir statlege bidrag i møte med samferdsleministeren, innrømmer at den store delen bompengar smerter.

– Me gjer dette ut frå håpet om at staten kjem meir på bana etter kvart. Men dersom me ikkje gjer dette vedtaket i dag, stoppar dette prosjektet opp. Det vil vera eit stort tap for Rogaland.

Nytt forslag frå Frp

Terje Halleland

Terje Halleland, Frp.

Foto: Frp

Terje Halleland frå Framstegspartiet meiner òg det er viktig å sikra framdrifta for Rogfast. Planen er stortingsbehandling neste år, og byggestart i slutten av 2016.

Halleland seier Frp vil legga fram eit nytt forslag til fylkesutvalet tysdag.

– Kva forslaget inneber er det for tidleg å seia, men me er tydelege på at me ser føre oss ein heilt annan innsats frå staten enn det me har sett til nå.

Kan bli utsett

Tor Geir Espedal

Tor Geir Espedal, prosjektleiar Rogfast.

Foto: Statens vegvesen

Ifølge prosjektleiaren for Rogfast, Tor Geir Espedal, kan bygginga av det undersjøiske tunnelprosjektet bli utsett dersom politikarane snart ikkje bestemmer seg for finansiering. Men dei har ennå litt tid på seg utan at Rogfast-planen slår sprekkar.

– Dersom det ikkje blir fatta noko vedtak i fylkesutvalet før til hausten, er det framleis sjansar for at me kan koma i gang i løpet av 2016 med prosjektet.

– Trur du politikarane lar seg påverke av at prosjektet kan bli forseinka dersom dei snart ikkje bestemmer seg?

– Eg trur dei aller fleste partia har eit sterkt ønske om å gjennomføra dette prosjektet, så eg trur ein legg alle klutar til for å finna ei løysing, seier Espedal.