Stor mangel på fosterheimar: – Situasjonen er alvorleg

Fleire hundre barn står i dag utan tilbod om fosterheim. Nokre har venta opp til to år på ny stad å bu. No jobbar fosterheimstenester på spreng for å gi barna ein heim.

Fosterhjem - illustrasjon

ILLUSTRASJON: Mange barn og unge står utan tilbod om fosterheimar i Noreg.

Foto: Illustrasjonsfoto

– Situasjonen er svært alvorleg. Mange av desse barna trenger fosterheim raskt, seier Kjetil Aas, seniorrådgivar i fosterheimstenesta i Stavanger.

Per i dag er det over 600 barn som blir vurdert som aktuelle kandidatar for ein fosterheim på landsbasis. Blant dei er 254 barn vurdert til at dei må ha fosterheim så fort som råd.

Men det finst ingen fosterheimar for dei barna akkurat no.

I Sør-Rogaland er det 86 barn som må ha ny stad å bu, men det er berre éin heim som er ledig.

Kjetil Aas

Kjetil Aas, seniorrådgivar i fosterheimstenesta i Stavanger.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

– Me har aldri hatt så få fosterheimar i Rogaland som me har no, seier Kjetil Aas.

Derfor må barn og ungdom venta i fleire månadar i beredskapsheim eller på institusjon.

– Berre å melda seg

Fosterheimstenesta jobbar no på spreng med å finna heimar til dei 254 barna som no står utan tilbod om fosterheim i Noreg.

Ungane lever i stor usikkerheit når dei ikkje kan slå seg til ro i ein permanent heim.

– Alle går og ventar på at det dukkar opp ein fosterheim, slik at dei kan gå vidare i livet.

Fosterheimstenesta jobbar kontinuerleg med rekruttering på mange ulike plattformer. Men førebels er det alt for få.

– Det er mange som kan vere aktuelle for oss. Den tradisjonelle kjernefamilien, single med eller utan barn, par utan barn, homofile og lesbiske. I alle aldersgrupper, frå 25 år og opp til 60 år. Det er berre å melda seg, seier Aas.

– Vanskeleg slik som systemet er no

Jøran Solheim, med kone og tre barn, har vore fosterfamilie i mange år. Til no har dei hjelpt tolv barn og unge med ein stabil og trygg heim.

I dag er Solheim nøgd med samarbeidet han har. Men det har ikkje alltid vore slik.

– No samarbeider me med ein profesjonell kommune som er opptatt av individuell behandling, og me har tett oppfølging av saksbehandlar. Men oppgjennom år har det ikkje vore lett.

Fosterfaren forstår at andre kvir seg for å stille opp.

– Det er dumt, men eg kan ikkje gå ut og anbefala andre å bli fosterforelder. Dette basert på systemet og lovverket, ikkje barna.

Jøran Solheim

Jøran Solheim er fosterfar, og meiner fosterheimstenesta slik for vanskeleg slik den fungerer i dag.

Foto: Privat

– Kva skal til for å få fleire heimar?

– I dag er det for mange aktørar inne i biletet. Eg meiner at tenesta må omstrukturerast, bli enklare og tryggare for dei som er fosterforeldre.

Fosterfaren seier det for mykje snakking i etatane og lite handling.

– Dette er vanskeleg for barna og fosterforeldra. Ei jente som budde hos oss hadde 22 saksbehandlarar. Det er hårreisande, seier Solheim, som jobbar som politi til dagleg.

Lovar betring

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad seier at han vil jobba mykje med å forbetra barnevernstenesta framover.

– Me veit at det å komme inn i ein fosterheim fører til ein ny start. Difor skal me sjå på dei økonomiske ordningane, og ikkje minst så jobbar me med rekruttering, seier han.

Kjell Ingolf Ropstad

Barne og familieminister, Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Statsråden fortel at departementet og regjeringa no skal i gang med å sjå på kva som må gjerast for å betra situasjonen framover. Blant anna skal dei sjå på problemstillingar som pensjon, økonomi, rettleiing og oppfølging frå barnevernet.

– Me skal bruke dei innspela me har fått til å sjå om me skal omorganisera, eller gjere andre grep som kan bidra til betre rekruttering.

– Kva tenkjer du om at fosterfamiliar ikkje vil anbefale andre å bli det?

– Det er veldig triste tilbakemeldingar. Men dette er tilbakemeldingar me må ta på alvor og, som gjer at me må sjå på større endringar knytt til fosterheimstenesta, seier ministeren.