NRK Meny
Normal

– Det var som om nokon slo meg i bakhovudet med ein hammer

Monica Johansen og ein forbipasserande mann på moped blei treft av lynet på Karmøy på onsdag. – Kanskje var det nettopp at lynet slo ned i oss begge som berga oss, seier Johansen, som kom unna hendinga med verk i hovudet.

Det har vore mykje lyn og torden i fylket vårt den siste tida. Ei som hadde eit svært tett møte med lynet er Monica Johansen frå fastlands Karmøy. Onsdag ettermiddag, på luftetur med hunden, blei ho treft.

Sjå Monica Johansen frå Karmøy fortelja om då lynet slo ned i henne på onsdag.

Onsdag ettermiddag tok Monica Johansen frå Karmøy med seg hunden på den daglege lufteturen på eit ope industriområde på Norheim. Dette blei ein langt meir dramatisk tur enn vanlegvis når ho er ute og luftar hunden.

– Det kom plutseleg eit kraftig haglvêr, men eg måtte berre gå vidare. Deretter såg eg eit kraftig lys og kjende at lynet slo ned i meg. Lynet slo også ned i ein som kom køyrande på moped, og som akkurat skulle passera meg, fortel Johansen.

– Veldig ekkelt

– Korleis kjendest det på kroppen?

– Først og fremst kjende eg at eg stod planta i bakken, samstundes var som om nokon slo meg hardt i bakhovudet med ein hammer og dytta meg. Eg blei lamma i heile kroppen og datt om. Det var rett og slett veldig ekkelt, fortel ho.

Hunden sprang av garde, og var truleg ikkje treft, men mopedføraren falt også ned i bakken.

– Han kom krypande bort til meg og heldt seg til hovudet. Han spurde om det gjekk bra med meg og eg spurde om det gjekk bra med han. Me var begge samde om at det måtte vera lynet som hadde slått oss ned, fortel ho.

Lyn kan vera dødeleg

Johansen klarte å koma seg heim på eiga hand og har etter hendinga berre slite med hovudverk. Men å bli treft av lyn, kan vera ekstremt farleg.

– Det kan vera fatalt. Får ein eit direkte treff av hovudstraumen i ei linjeutladning så er det dødeleg, seier Oddgeir Rokseth, som er seniorteknikar hos Sintef Energi.

I Johansen sitt tilfelle var det ikkje mykje ho kunne gjera for å unngå å bli treft, men i andre høve, finst det enkle hugsereglar:

– Det handlar om å søka ly. Det kan vera inne i bygg eller inne i ein bil, fortel Rokseth.

– Me var på eit ope område, men kanskje var me litt heldige med tanke på at eg hadde gummistøvlar og han gummidekk, og at me var to kan jo ha gjort at krafta blei fordelt på begge to, fortel ho.