NRK Meny
Normal

Katt invaderte fuglereir - måtte sjølv reddast ned etter tre dagar

Reir-invasjonen gjekk ikkje heilt som planlagt for ein katt på Ålgård. Etter tre dagar trefast måtte brannvesenet hjelpa den ned med lift.

Katt blir redda ned frå tre

TREFAST: Her blir katten redda ned av to brannmenn frå Brannvesenet Sør-Rogaland IKS.

Foto: Ole Geir Skjæveland / Brannvesenet Sør-Rogaland IKS

At kattar klatrar opp i tre er ikkje uvanleg, men vanlegvis kjem dei seg ned att på eiga hand. Det var ikkje tilfellet for katten på Ålgård i går.

Det heile kunne nesten minna om ein Tom & Jerry-episode. Ein katt klatrar opp i eit høgt tre og invaderer eit fuglereir slik at fuglane må evakuera, men så får katten kalde føter og må sjølv reddast ned.

Katt blir redda ned frå tre
Foto: Ole Geir Skjæveland / Brannvesenet Sør-Rogaland IKS

Etter litt over tre dagar i det ti meter høge treet tok uroa naboar affære og ringde til brannvesenet. Utrykkingsleiar i Sør-Rogaland brannvesen, Ole Geir Skjæveland, rykka ut med mannskap og lift.

– Dei aller fleste kattar kjem seg ned sjølv etter to-tre dagar fordi dei er svoltne. Men dette var litt spesielt fordi det var eit veldig høgt tre og alle greinene langs stammen var vekke. Jobben vår er å redda menneske og dyr, og det hender frå tid til annan at det er kattar som treng hjelp.

– Måtte evakuera

Skjæveland vart verande på bakken medan to kollegaer tok fatt på redningsoppdraget. Dei tok på seg tjukke hanskar og tjukke jakker, fekk lånt med seg litt leverpostei frå ein nabo og ein ryggsekk til å frakta katten ned att i.

– Katten har hatt det veldig godt der oppe, den hadde tatt tilhald i eit skjorereir. Skjorene måtte sjølvsagt evakuera, men dei flytta tilbake eit par timar etter at katten var vekke og held fram med bygginga av reiret, seier Skjæveland.

Redningsoppdraget gjekk ganske kjapt, og katten kom frå det med alle ni liva i behald.

– Då me slapp den fri, sprang den lukkeleg vekk, sette seg litt på ein plen og studerte oss litt forundra, før den forsvann, seier han.

Men kven sin katt det er veit han ikkje, det gjorde heller ikkje naboane.

Katten mista motet

Skjæveland trur at katten etter kvart hadde kome seg ned ved eiga maskin, men at jobben deira er å redda menneske og dyr.

– Treet var veldig høgt og utan greiner, så ein skal vera ein veldig god klatrar for å koma seg opp og ned det treet, og det kan henda at katten mista motet når han kom opp.

– Den hadde nok kome ned om den vart svolten nok, men me må tenkja på dyret si velferd, og kor svolten skal me la den bli? Og om me hadde mata den der oppe så hadde den nok blitt verande, for det var ein veldig fin plass med utsikt og alt mogleg, smiler Skjæveland.