Hopp til innhold

Idrettslag krev 3000 kroner frå foreldre – kallar det dugnad

– Dette vil eg ikkje vera ein del av, seier trebarnsfar Asbjørn Hjørnevik. I eit Facebook-innlegg tar han eitt oppgjer med dorull-dugnaden.

Trebarnsfar Asbjørn Hjørnevik reagerer kraftig på korleis dugnadstradisjonen har utvikla seg de siste årene.

Fleire idrettslag arrangerer salsoppdrag som del av dugnaden. Ein stadig vanlegare måte å organisera dugnadsarbeid i dag.

Foresatte til barn i Ålgård fotballklubb (ÅFK) fekk denne veka giro på dorullar. Dei som har to barn i klubben må betala 3000 kroner, og dei med eitt barn må betala 1500 kroner. Giroen er førehandsbetaling for dopapir, som dei skal selja for å få tilbake pengane.

Trebarnsfar Asbjørn Hjørnevik er glad i dugnad, men ikkje denne varianten. Han skreiv eit Facebook-innlegg som no er delt over 200 gonger.

« ... Korleis greidde me å ta det finaste ordet i ordboka og fylle det med ein kaskade av kjeks, saft, dopapir og verdikupongar ...»

Dopapirdugnad

I dette Facebook-innlegget tar Asbjørn Hjørnevik eit oppgjer med dugnadskulturen.

Foto: Skjermdump

Slik startar innlegget, som ut frå engasjementet, ser ut til å ha treft ei nerve hos fleire foreldre. Han er tydelegvis ikkje den einaste som lurer på kva tid snømåking, kakebaking og måling ikkje lenger var godt nok.

Tenke over konsekvensane

– Eg synest det er viktig at vi stoppar opp og tenker over kva formålet med dugnader er. Det er sjølvsagt å tene pengar, men det er ein sosial del av det som eg føler vi gløymer. Det er for eksempel ein måte for innflyttarar å bli kjent med folk, og vi står i fare for å miste det dersom dugnad ender opp i et facebooksal mellom vaksne, seier Asbjørn Hjørnevik.

Asbjørn Hjørnevik

Trebarnsfar Asbjørn Hjørnevik reagerer kraftig på korleis dugnadstradisjonen har utvikla seg de siste årene.

Foto: Tom Edvindsen

Hør studiointervjuet med blant andre Hjørnevik her:

– Dette er dugnadsarbeid for å få inntekter til klubben. Me er avhengige av å få inn pengar dersom me skal driva klubben slik medlemmane våre vil, seier Terje Tjetland, som er dagleg leiar i ÅFK.

Han registrerer at det har vore diskusjon rundt denne måten å ha dugnad på, men seier at han håper at folk likevel vil bidra. Toalettpapiret får dei frå sponsoren sin Norengros, men det finst også bedrifter som har spesialisert seg på denne type dugnad, og det er mykje pengar involvert i bransjen.

Samla omsetnad for seks av dei store norske selskapa innan dugnadsarbeid var på 128,5 millionar kroner i fjor.

Tilretteleggar for dugnader

Ein av dei som har slått seg opp på dorullar, sokkar og tennbrikettar er Robin Røed frå Oslo. Bedrifta hans Ubique blei etablert i 2015, dei hadde i fjor 27,5 millionar kroner i driftsinntekter, med eit resultat på 339.000 kroner.

– Me kjøper inn, sender ut og ordnar med logistikk og distribusjon. Vi tilretelegger for de som skal selje, og gjør det enklare for dei, forklarer Røed.

– Kva er dugnad for deg?

– For meg er dugnad å gjera ein jobb for å bidra til fellesskapet, slik at det blir betre for alle.