Hopp til innhold

Her kjempar tre hotellkongar om å få byggja

Tre hotellkongar vil ha den same attraktive tomta i Bjergsted i Stavanger. I dag presenterte dei planane sine for formannskapet i kommunen.

Tre hotellkonger kjemper om den samme attraktive tomten i Bjergsted i Stavanger. Petter Stordalen, Arthur Buchardt og den lokale investoren Sjur Lærdal presenterte i dag sine hotellplaner i formannskapet.

Hotelleigarane Arthur Buchardt, Sjur Lærdal og Petter Stordalen gjorde seg tysdag fine for Stavanger kommune i kampen om å den ettertrakta hotelltomta i Bjergsted.

Det er Stordalen som har spurd om moglegheita for å argumentere for politikarane i kommunen.

Stavanger Konserthus

Tomta ligg like bak Stavanger konserthus i Bjergsted.

Foto: Marius Vervik

Og det skorta ikkje på engasjement i formannskapsmøtet i Stavanger i dag. I kjend stil var Stordalen i fyr og flamme under sitt innlegg, og han var ikkje forsiktig i presentasjonen sin.

– Toppen av kransekaka

– Me har pengane og krafta til å skapa dette, og eg lovar dykk: Eg skal eiga hotellet! Det er ein fantastisk moglegheit til å gi noko vidare, og då eg kan seia at dette var toppen av kransekaka, sa Stordalen.

Stordalen vil driva hotellet med den lokale hotellinvestoren Alfred Ydstebø.

Buckhardt seier på si side at tomta gir moglegheiter for ei spesiell oppleving for gjestane.

– Det er fantastisk. Og kva det kan bety for dei som skal bu her, og dei som skal møtast her, seier han.

Lokal har med seg Hilton

Sjur Lærdal er siste lokale kort blant dei tre. Han har med seg hotellkjeda Hilton, som også vil byggja femstjernes luksus. Men dei har ikkje gifta seg, påpeikar han.

– Det er dei me no har intensjonsavtale med, og viss ikkje det blir match, skal me finna nokon andre.

– Stordalen?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg tykkjer han har nok hotell i Stavanger no, seier Lærdal.

Saka om tomta skal opp i formannskapet, men endeleg dato er ikkje sett for avgjerda.